Life in the rear-view mirror

Life in the rear-view mirror

tirsdag 29. juni 2010

Måløydagane

I helga gjekk Måløydagane av stabelen igjen, som den har gjort årleg så lenge eg kan huske… det var vel no eg skulle komme med et nøyaktig tal som eg mistenke at er å finne i ei avis på bordet rett ved sida av meg, men eg gidde ikkje å sjekke og det er vel neppe nokon som bryr seg så hardt uansett.

Poenget er i alle fall at når eg opna den vanlige info-avisa til arrangementet som kjem i posten som ei fristande lokkedue en bare må kikke i kvart einaste år oppdaga eg fort at her var det noko nytt, og med første augekast var eg ikkje imponert over forandringane.

For min del har Måløydagane alltid skilt seg litt ut. Mens dei andre ”dagane” og messene , som Eidamessa, Strynemessa, Sandanedagane og… Davik Kulturfestival (ingen som har høyrt om den nei?) ikkje er så mykje å snakke om og ganske trøtte greier har Måløydagane alltid vore meir spennande og har hatt eit litt meir internasjonalt preg. Årets program virka først som eit steg i feil rettning. Etter å ha nemnt dette for han far fekk eg høyre at det er fordi dei har sparka han der som eg ikkje huska kva heite som ”bare tenkte på å bruke mest mulig pengar”. Likevel såg eg altså gjennom resten av programmet og stoppa opp med noko som fekk meg til å tru at eg hallusinerte, for det kunne vel ikkje vere sant? Skateboard-show på denne sida av fylkesgrensa (for dei som ikkje har fått det med seg er Ørsta/Volda området heilfrelst på brettsport)?! Eg har gått på skule i Volda i 2 år no og har vore vandt med å sjå folk på skateboard og longboard overalt, dessutan står eg og sjølv på longboard og snowboard og er veldig interessert i denne typen sport. Dette avgjorde saka: en slik sensasjon kunne eg ikkje gå glipp av! Dette fikk meg nesten til å gløyme alt stygt eg nokon gong har sakt om Måløy ”by”, og det er ikkje så reint lite heller.

Det var flott å sjå at Måløy også i år våga å satse litt utafor ”boksen” og satsa på en sånn sport. Nokon trenge nemlig å innsjå at det fins andre sportar i verden enn fotball! Greitt at fotball er ein sjukt populær sport, men det har kanskje noko å gjere med at det er den sporten vi alle i størst grad blir påtvungne. For min del har fotball lenge vore først og fremst ein traumatisk opplevelse eg har gjort mitt ytterste for å unngå. Mange føler det nok på same måten eller liknande. Fotball blir dessutan ofte for konkurranseprega for mange og viss ein ikkje er blant dei meste blir ein gjerne sittande mykje på benken og fell av lasset i løpet av tenåra.

I forbindelse med eit prosjekt då eg studerte Kunst og Handverk i Volda angåande ”uterom, byrom og mellomrom” var gruppa mi i kontakt med Volda-kommune. Her vart det mellom anna snakk om en skateboard-rampe som skulle byggast. Vedkommande vi snakka med brann verkeleg for saka og fortalte om kor positiv denne sporten kan vere . Mellom anna snakka han om at dette er ein svært vanskelig sport, noko som fører med seg at ein ikkje kan vere full eller på nokon måte berusa når ein driver med dette. Dette var eit av mange argument han kom med. Kanskje var han bare en som var flink å selje saka si, men han overbeviste i alle fall meg.

For min del vil eg seie at brettsportar kan vere positivt på mange måtar. Snowboarding er terapien min. Når du susar ned gjennom ei fjellside i bra stor fart kan den minste feilberekning av balanse, moment og vinklar bli smertefulle, så då er det bare det som forgår rett framfor nasa di som teller, og du må prosessere det i ei forrykande fart. Ergo kan du ikkje tenke på ting som stressar og plagar deg, skuldrane synk nokon hakk ned for dette har du gjort før og dette kan du takle viss du bare fokusera. Den logiske, langsomme delen av hjernen di er skubba til sides og det er bare muskelminne, refleksar og lynraske berekninga som gjelder. Eg kjenner eg blir roligare bare av å tenke på det.

En anna ting er at det er ingenting som ei lita skade for å få deg til å sette pris på dei små gledene i livet. I skrivande stund er venstre kneet mitt fryktelig ustabilt og har avgrensa bevegelighet grunna ei to veker gammal leddband-skade som eg pådrog meg fordi eg tryna på longboard. Etter å ha gått på krykker i bare 3-4 daga var eg lykkelig då eg kunne begynne å gå igjen, lykkelig då eg kunne begynne å jobbe igjen etter litt over ei vekes sjukmelding og eg kjem til å vere lykkelig når eg kan bevege meg normalt igjen og når eg kan stå på longboard igjen. Som nokon sa en eller anna gang: “Life is a roller coaster, you have your ups and down, unless you fall off”.

Anyways, showet skuffa ikkje! Det var utrulig arti å sjå skating på et så høgt nivå på torget i Måløy og eg hadde absolutt ikkje sett på det som en uting om dette vart ein tradisjon! Då hadde eg blitt fast inventar kvart år. Med mitt dyrebare speilreflekskamera på serie-modus (det kan ta opp til 6,5 bilde i sekundet i optimalt lys) har eg bilder i massevis som eg kan jobbe med å behandle lenge :D I tillegg blei det arrangert en konkurranse, Måløy Open, for dei lokale brett-entusiastane som og var et bra påfunn etter mi meining.

Under kan du sjå nokon bilder frå dagen. Skaterar: Nikko Hansen, Jonathan Arnestad, Tobias Lien og Henrik Lund.