Life in the rear-view mirror

Life in the rear-view mirror

lørdag 21. august 2010

Dysslexi… eller dysleksi?

Som du sikkert skjønna så har eg dysiklisisix …. *kremt* dysleksi.

Her en dag satt eg og såg eit dabattprogram på NRK som handla om det norske skulesystemet og korleis det kunne gjerast betre. Litt ut i programmet lot dei ei lektor frå ein vidaregåande skule komme til ordet. Han vil eg seie at (i alle fall i mine auge) hadde ganske radikale meningar. Han mente blant anna at for at barn skulle ta ungdomsskulen på alvor kan ein innføre inntakskrav på vidaregåande, slik at elvar med dårlige karakterar får eit avgrensa tilbod.

Tilbake til min fantastisk diagnose: dysleksi eller ordblindhet er så vidt eg har høyrt norgest vanligaste funksjonshemning, og fører til at ein har problem med å lære seg å lese og skrive. Dysleksiden.no beskriver problema sånn:
”Dysleksi er et ord som brukes om uvanlig store vanskeligheter med å lære å lese og skrive. De problemene som gjør det vanskelig å lære lesing og skriving fortsetter ofte inn i voksen alder. Mange lærer seg måter å omgå problemene. Likevel vil voksne dyslektikere ofte kjennetegnes ved at de leser langsomt eller usikkert, skriver enkelte ord feil og strever med å skrive lengre tekster. Mange sliter også med lav selvtillit og manglende tro på seg selv. Dette kan for noen være et større problem enn langsom lesing og skrivefeil.”

No vil eg presisere at dette er ikkje ment som ein ”stakkars meg”-tekst. Eg er ikkje spesielt hardt ramma. Mange andre har derimot mykje større problem enn meg og dette er det viktig å ta omsyn til. Alle er rett og slett ikkje like. På mange måta kan en seie at skulesystemet ikkje er berekna på oss som slite litt med den skriftelige biten. Ikkje fordi det ikkje fins mange fine tiltak, men det er liksom ikkje alltid nok. For ”dysleksi” er ikkje et fancy ord for ”dum” eller ”ubrukelig”. Det har vist seg at dyslektikarar ofte har andre kvalitetar. Eksempel på dette kan vere at ein kan vere krativ, ha god praktisk sans og vere flink til å sjå samanhengar og helhet.

Bla, bla, bla tenke du nok no, men dette er faktisk ikkje kødd. Likevel har kanskje mange, som meg, forstått seg på at det er så forbanna mykje lettare å få detaljar og småtteri ned på et papir enn ”den store heilheta” for den er jo ganske… stor og omfattande. A4-ark er rett og slett ikkje eit format som egna seg så ekstremt godt for oss som er litt ”annerledes”.

I mange trangsynte folk sitt forsvar kan eg i grunn forstå at det er fort å tenke at ein person (oki, det var meg) som trengte nærmare eit halvt minutt på å lese tittelen på ei bok ei venninne viste meg en gang er mindre begava… for av og til stoppa det bare heilt opp. Dette hindra meg på mystisk vis ikkje i å lese ei bok på over 700 side på engelsk på 3 daga. Då skal det seiast at eg verkelig gjekk inn for det.

Dysleksi kan arte seg på mange forskjellige måta og nokre blir oppdaga tidlig, mens andre får oppleve å få diagnosa først i 10. klasse, eller kanskje seinare. Det er mange skuleår med å vere misforstått det, og for mange går det nok ut over karakterane.

Eg syns det er vel tidlig for en 10. klassing å forsegle sjebnen sin med å ta et vanskelig val for vidaregåande. Eg for min del er ”yrkis” med generell studiekompetanse. To år på Teikning, Form og Farge er en ting aldri kjem til å få meg til å angre på, men det er likevel like kjipt kvar gang eg ska søke på høgare utdanning og kan konstatere at mange av dei mest interessante studia nok krevje litt meir enn GENS. No er eg begynt å sjå på koden på inntakskravet før eg ser på kva fag det er. Men det valet har eg tatt sjølv, sjølv om det er begynt å bli over 5 år sida og den personen som tok valet knapt tan samanliknast med dagens meg. Mange angrar nok på vala sine på vidaregåande, sjølv om eg ikkje har det med å bruke tid og krefter på slikt. Skal dette bli ei sperre som 15 og 16-åringar skal møte fordi dei ikkje har tatt ungdomsskulen seriøst nok eller fordi deira personlige problem og/eller spesielle behov er blitt behandla på rett måte?

Den dagen den tidligare omtala lektoren tar et skritt utafor den vesle boksen sin og ser at det fins mange som trenge en ny sjanse, som har bruk for litt hjelp eller rett og slett bare litt forståelse, har han kanskje vett til å bite i seg det han sa. Det er mange som har bruk for at ikkje så altfor mange dører stengjast for tidlig.

Som ei lita avrunding vil eg seie at eg har aldri ønska at eg ikkje hadde dysleksi. Korfor det liksom? Det forandra ikkje en dritt. Eg er meg uansett og eg har dysleksi. Så lenge eg kan huske har eg hatt problem med at eg ikkje greide å følgje med på tekstinga på tv og i filma og eg har lest litt saktare enn andre. Diagnosen kom bare som ei forklaring. En må liksom bare jobbe med det en har. Sjølv om eg er en gangske så sjenert person har eg heller aldri sjemst for å fortelje folk at eg har dysleksi. Dette veit eg at det er mange som har problem med, men eg har egentlig aldri følt meg dum eller utilstrekkelig på grunn av dysleksien, så viss nokon trur har tenkt å dømme meg for det så er det synd for dei. Oki, stryk den delen om at ALDRI har følt meg dum, for den dagen vi skulle lese gammal-norsk i ein norsktime på vidaregåande og alle andre tilsynelatande klarte dette fint mens eg hadde en støttelærara sittande ved sida av meg og fortelje meg kva som sto i kvar enkelt setning følte eg meg dum, men utan om det har det gått fint. For mens norsk-karakterane mine skjeldent har bevegd seg over en veldig gjennomsnittlig 4ar, har engelsken min i grunn hatt god nytte av ”problema” mine. For når hjernen min rett og slett ikkje fikk heilt dreisen på dinna tekstinga fikk den en betre ide! Den logiske løysinga på problemet var at eg rett og slett blei nødt til å lære å forstå kva som blei sakt. En anna ting er at kneika som ein må komme over for å bli meir flytande i engelsk er å tenke på engelsk i stade for å tenke på norsk og oversette. For min del måtte eg fint lære meg å tenke på engelsk med en gang nesten, fordi eg rett og slett er sjukt dårlig til å oversette. Dåkke veit kva dei seie folkens: ingen ting er så galt at det ikkje er godt for noko!