Life in the rear-view mirror

Life in the rear-view mirror

fredag 26. mars 2010

Salg av kreative treningsapparater på TV

I skrivende stund sitte eg på hybelen min og slappa litt av før eg skal på skulen. Denne tida av døgnet er stortsett den einaste tida på døgnet at eg bruka å sjå på tv. Viss du nokon gang har sett på tv3 om morgonen har du sikker vore ut for laaange reklamer som f. eks. TvShop eller Tvins. Dette er altså reklamer så lange som et vondt år, eller i alle fall så lange som ein vond tv-serie, og for dette formålet kan vi kalle fenomenet ”Reklama”. Men det er jo ein ting, Tv3 er jo langt frå den største kanalen i Noreg (NRK leda jo overlegent) og må jo tene pengar på eit eller anna vis, noko som gjere dei avhengige av reklamefinansiering. Men anyway, desse uendelige reklamanes modus operendi er sensasjonelle produkt som ingen har set maken til og tilbod som sjølvsagt er for gode til å vere sanne! Det som for hundre og ørtande gang irriterte meg i denne elles så fine (og regnfulle) morgonstund er treningsapparata dei prøver å selje til folk. Misforstå meg rett no, eg er sjølv medlem på et treningssenter og meinar at sport og trening slettes ikkje er å forakte, men det meiner openbart desse luringane. Anslaget (et lite forsøk på å høyres profesjonell ut frå mi side) i desse reklamane er standard; en liten introduksjon av kor fantastisk vondt og vanskelig det er å trene på vanlig måte. Du har faktisk lidd så mykje at du ikkje ana det sjølv ein gang! Men fatt mot, Reklama er din venn i nøda. For ”point of no return” kjem med lyset i enden av tunellen, gang etter gang. Apparata er kanskje forskjellige, dei heite ikkje det same og ser ikkje like ut, men dei har alle en ting til felles. Dette får jo spenningskurven til å flate seg ut litt for kvar gang du ser ei slik reklame. For vi veit det allereie, allereie frå første sekund. Det dei har til felles er sjølvsagt at dei er uovertruffne, revlusjonerande, overlegent effektive, tidsbesparande og sist men ikkje minst; morsomme. Ja, du høyrte rett! Det skal vist nok bli morsomt, smertefritt og avslappande å trene, sjølv om du (som reklama allereie har påpeika) aldri har syns det har vore det før.

For min del (ikkje fordi eg veit noko som nokon andre ikkje veit) så er det stortsett et helt knippe med logiske brister i ei slik reklame.
Brist nr 1: Trening er trening, eller? I hovudet mitt så fungera det slik at jo hardare du trena, dess meir resultat får du. You’ve got to learn to love what’s good for you blir det sakt, det fins ikkje nokon snarveia. Ein kan sjølvsakt finne ting som er artigare å gjere enn andre, sånn som at ting som fotball og snowboarding slår jogging hardt etter mi meining, og Parkour det kan anbefalast. Romaskiner med meterteller er heller ikkje å forakte, i alle fall ikkje viss du har nokon å ro om kapp med:P
Brist nr 2: Korleis kan det ha seg at gang etter gang er det dei presenterar revlusjonerande, nyskapande, overlegent effektivt og, i følgje dei sjølv, nesten latterleg underprisa…. For min del så syns eg ikkje det henge på greip. Korleis har det seg at det er nettopp desse som alltid får distribuere det beste av det beste, og at dei samtidig underbyr seg sjølv… det skulle jo ikkje vere nødvendig viss produkta er så fantastiske!
Brist nr 3: Viss Reklama har sitt på det reine, korfor tar den i bruk skamlaus (og i mine auger kynisk og uetisk) manipulering av ”bevismatriala”? For Reklama er glad i før og etter bilder. Når du kan sjå at før-bilda er blitt strekt i bredda mens etter bileta er strekt i høgda veit du at du er offer for lureri. Et anna triks er for eksempel at du ofte ser at på før-bilda står vedkommande veldig nærme kamera, mens på etter-bilda står personen mykje lenger frå. Dette bidreg jo så klart til at vedkommande ser mindre ut på det siste biletet. Ein anna klassiker som blir brukt mykje er virkemiddel som lys, fargar og kroppsspråk. Viss vi ser en samansunken person i dårleg lys og dystre fargetonar på det første biletet, mens vi ser en person med stolt holdning i flatterande lys og friske fargar seie det seg vel sjølv kva det er meninga vi skal strebe etter. Det siste trikset eg vil nemne under denne bristen er noko som ein episode om temaet på Penn & Teller (eller Bullshit som det heite egentlig) gjore meg oppmerksam på. For på mange av etter-bileta ser vi ribbein som stikke ut… er det noken som trekke inn magen kanskje?

Reklamer som dette er en av fleire grunnar til at eg ALDRI skal jobbe i reklamebransjen. Eg har laga ei reklame i mitt liv (med mindre vi rekna med en plakat eller to for lokale arrangement) men det var noko så uskyldig som ei spotify-reklame for ei studieretning på Høgskulen i Volda (reklama heiter ”mamma på telefonen” og kan høyrast på midlabs.no).

Det er så utrulig mange reklamer av typen ”eg vedda på at du har et stort problem! Flaks at eg kan hjelpe deg med det!”. Media har ei viktig og mektig rolle i samfunnet som dessverre blir grovt misbrukt av altfor mange. Heldigvis er det og bra tendensar å sjå i media og Noreg er nok ikkje det værste landet sånn sett. Likevel er det under sterk tvil eg satsar på ein medie-utdanning. Eg vil nemlig sove godt om natta og ikkje bare ha ein jobb eg trives med, med ein eg med handa på hjertet kan seie at eg ikkje syns er moralsk forkastelig.

mandag 22. mars 2010

Typo og linka

Etter mykje styr me virus og greier kunne eg i dag besøke sikre sider som hotmail.com igjen for første gang på to daga uten feilmeldingar, sikkerhetsvarsel og tvangsblokkering av innhold. Eg var derfor glad for å sjå min kjære mail igjen. Som en liten prikk over i'en blei eg møtt med denne teksten:




Denne lisje tabben fra MSN si side syns eg selfølgelig var ekstremt morsom :)


Vidare har eg hatt et lite innlegg om fine linka liggande å slenge ei stund som eg tenkte å publisere. Det kjeme altså no.

Eg studerer for tida Media, IKT og design og i forbindelse med studiet blir vi opplært i bruk av diverse ekstremt overprisa programvare (mesteparten frå Adobe), mellom anna Photoshop. Eg har etter kvar utvikla ei aldri så lita Photoshop-avhengihet og har i lenger tid prøv å finne ei erstatning (av den enkle grunnen at det kosta intet mindre enn 10 000 kr for en lisens). Her ein dag snubla eg over ei genial webside:

http://alternativeto.net/

Vi har jo og fått opplæring i andre program, men heldigvis er ikkje alle like vanedannande. Adobe Dreamweaver for eksempel blei i alle fall eg fort kurert for.

Her er noken andre linka frå mi rikholdige samling med bokmerke:

Gratis bilde i stor oppløysning som en kan bruke til nesten det en vil og det er lovlig til og med:
http://www.sxc.hu/

Viss du som meg av og til er ute etter brukbare kilder kan du prøve denne sida:
http://scholar.google.no/

Hjelp med ein irriterande Photoshop-bug:
http://www.davidbisset.com/2007/12/15/photoshop-stuck-on-hand-toolicon/

Artige lære-spel (høyres skikkeli kjedelig ut, men eg har fått hekta på geografispel:
http://www.purposegames.com/

Photoshop tabba = komisk:
http://photoshopdisasters.blogspot.com/

Syns du det var fint med linka? Sjekk ut denne sida:
http://www.notcot.org/

og denne:
http://www.randomwebsite.com/

søndag 14. mars 2010

Søvngjenger

Eg skreiv i utganspunktet dette innlegget til den andre bloggen min so det er på tvilsom engelsk, bare å beklage, men eg er for lat til å skrive det om til norsk :)

Like a lot of people I used to sleepwalk when I was a kid. Most people stop doing it as they get older though, I didn’t. It’s been a few years since the last time anyone has seen or heard me do anything but mumble in my sleep, but sometimes I will wake up to find that I’m wearing something that I’m sure I wasn’t wearing when I went to sleep. That way I know I’m still doing it.....

A few days ago I woke up to find that my right ankle was feeling sore. I took a look at it and was slightly shocked to see that I had a fresh wound there that looked like it had been bleeding quite a bit and was now swollen. Right above it I had two red marks and I could tell I was going to get bruises. I was a little bit freaked out by this. It seems pretty bizarre to get hurt during the night while sleepwalking. What had happened? What had I been up to? Besides from that it is beyond me how I could get hurt like that without waking up. It must have hurt, but since I didn’t remember anything I couldn’t have woken up I think. The whole thing was a little bit scary. When I woke up, before noticing what had happened to my ankle I was already suspicious that I might have been up and about in the night. The reason was that I thought the cloths lying next to my bed had been shifted. This leads me to think that I have been walking around too. If you ever been sleepwalking you probably know what a weird feeling it is to see things hinting that you’ve been doing something, but not being able to remember what or even if you’ve done anything. You might have walking around, seen stuff, done stuff, said stuff and you will probably never be able to remember it. It’s like it never happened to you, but it did. You might have walked around in public half naked or you might have been acting all crazy. It’s a bit like somebody else have been borrowing your body and you’re wondering what they did to it! It’s a super strange thought for sure.....

I’m just a little bit freaked out because it’s the first time in years that I have proof the I’ve done something in my sleep besides mumbling and moving stuff next to my bed...

fredag 19. februar 2010

Bilbelte

”Æsj! Du e no so samfunnsbevist!”

Dette var det altså pappa som sa om meg ein gang fordi eg var så opptatt av å parkere nærme nok bilen ved sida av for ikkje å ta opp unødvendig stor plass på parkeringsplassen. I dag tenkte eg å leve opp til denne påstanden med å skrive mitt første fornuftige blogginnlegg sidan eg fikk meg ny blogg.

Bilbelte er noko eg er fan av. Når eg er ute og køyrer bil brukar eg alltid bilbelte. Korfor ikkje liksom? Det er en liten ting å gjer, null problem og i tillegg kan det komme til å redde livet ditt. Flotte greier! Kjøre eg i tillegg sjølv (som eg ofte og med stor fornøyelse gjere) blir dette med bilbelte til og med nærmast ein tvangstanke; har eg ikkje på meg bilbelte så føles det som eg ikkje kjem til å få til å køyre bile ordentlig. Dette høyres kanskje merkelig ut, men eg er et vanedyr uten like og har eigentlig aldri (med unntak av på tunet heime) køyrt bil uten bilbelte og veit følgelig ikkje om dette går an (om vi skal sette det litt på spissen). Har eg ikkje på meg bilbelte er eg rimelig sikker på at eg ikkje hadde greid å tenke på noko anna. Eit anna senario der bilbelte er svært viktig for for min sjelefred er viss eg skulle driste meg til å sitte på med broren min, men då handla det meir om overlevelsesinstinkt enn tvangstankar.

Viss eg derimot reiser med buss er det ikkje alltid eg er like flink. Eg er blitt så pass gammal etter kvart (21 år) at eg offisielt kan starte setningar med ”då eg voks opp…” og det har eg tenkt å gjere no. For då eg voks opp hadde vi ikkje bilbelte på bussar. Etter kvart dukka bilbelta opp der og. Då dette begynte å komme var det liksom allereie en innlært ting at en skulle bruke belte i bil men ikkje i buss. Eg var ganske ung på den tida og hadde ikkje akkurat refletert så nøye over den slags dobbeltmoral. Det eg mente om saka var derfor at viss det ikkje har vore nødvendig med bilbelte på buss før så er det ikkje nødvendig no heller. Etter kvart som eg er blitt litt eldre og har tenkt litt meir over saken er eg likevel kommen til at det nok er ein god idé å bruke belte også på buss. Konklusjonen blei den same; korfor ikkje? Det kan redde livet mitt.

Ein fredag eg sat på bussen frå Volda til Nordfjordeid fikk eg dessutan en liten aha-opplevelse som i grunn forsterkar synspunktet mitt. Bussen hadde akkurat forlatt Volda og var på vei til å køyre av ferja på Folkestad (for dei som er lokalkjende). Eg satt med speilreflekskameraet mitt (av typen Canon 40D) med eit passelig stort og tjukt objektiv på og såg gjennom nokon bilde. På motsatt side av midtgangen satt det to små gutar. Den nærmaste satt å kikka storaugd på meg og det svindyre kameraet. I det bussen køyrte på land kom eg på at eg skulle ta på meg bilbelte. Til mi store overrasking reagerte guten med å kopiere denne handlinga, tett fulgt av at den andre gutten gjore det same. Eg kunne ikkje anna enn å smile litt. Då eg var liten såg vi vel litt opp til dei som var litt eldre, men det hadde ikkje slått meg at eg var i nokon posisjon til å påverke nokon verken den eine eller det andre vegen. Det var kjekt å vite at eg hadde satt et bra eksempel og påverka nokon på en positiv måte.

Sjølv om eg kan vere litt slurvete med bilbelte på buss frå tid til anna, syns eg det er et poeng å lære barn å bruke bilbelte også på buss. Mange unge blir nok påvirka av at det endå ikkje er sett på som viktig å bruke bilbelte på buss av mange (både vaksne og unge). Blant ungdom er det gjerne ikkje ”kul” heller. Derfor syns eg det er viktig å gå forran med eit godt eksempel og har derfor bestemt meg for å bli flinkare også av den grunn.

torsdag 28. januar 2010

Datakræsj

Min gamle laptop daua spontant for snart ei veke sia, 2,5 år gammal. Med seg i grava tok den nesten alle bilda eg har tatt i vinter. Eg hadde ikkje tatt sikkerhetskopi av dei enda og var akkurat på vei til å gjere det då den tok kvelden. Jaja, det kunne vore lang verre viss eg ikkje hadde hatt den lisje eksterne harddisken min med alle sikkerhetskopiane.
Så, vekas tips:

Skaff deg en liten harddisk og ta kopia, det lønne seg!:)

Som en "R.I.P" til dataen og bilda den tok med seg tenkte eg å legge ut noken av bilda som forsvant som fremdeles eksistera (alvorlig komprimert vel å merke) på verdsveven (internett med andre ord:P ). Det er bare 6 stk av noken hundre, men bedre enn ingenting:)

Skog

Furunåler


Furunåler


Furunåler

Viss du eller skulle vere eksepsjonelt interessert i Facebook kan du ta en titt på min splitter nye wiki på wikispaces.com (nei, eg er ikkje spesielt opptatt av facebook, det va lekse faktisk:P ) Her er den i alle fall:


Ditta krevde mange lange tima med reasearch (føltes i alle fall sånn). Må tilstå at eg følte meg litt profesjonell når eg satt å leste forskningsrapportar og greier og for en gangs skuld greide å motstå fristelsen til å bruke wikipedia som kilde (artikkele deira motsa seg sjølv nemli). Det fikk nesten til å føles som eg studera noke seriøst og meningsfult:P

Må bare få benytte sjansen til å anbefale en sang som eg har fått litt på hjerna og som du kanskje har hørt i ei reklame:

Peter and the Wolf - Safe Travels

Dette begynne å minne meir og meir om en sånn blogg som det ikkje skulle bli, en sånn "meg og mitt" blogg. Jaja, eg skal skrive om noke meir interessant når eg finne noke å hisse meg opp over:P

Kom plutselig på noke eg kan hisse meg opp over! Maken til tilbakeståande redigeringsverktøy som dei dei har her på blogspot har eg (nesten) aldri opplevd! og eg som trudde Dreamweaver kunne kunsten å drepe HTML-kodane sina, men neida, blogspot tar kaka. Jaja, så viste vi det:)


onsdag 23. desember 2009

Nytt objektiv!




Her på Davik så starta vi tydeligvis tidlig på jula:P allerede har mamma og pappa fått gps'en sin, broren min har fått genser og lån til bil og eg har fått "activ socks" og ny objektiv (jule og bursdagsgave) !!!!!

Eg har lenge tenkt at eg burde få meg et mindre (det gamle vege eit halvt tonn... eller va det kilo?) og billigare (så eg ikkje bli ruinrt viss eg ødelegge det) objektiv. Helst skulle det vere en vidvinkel-zoom (10 - 20 mm) eller 20 mm vidvinkel (fast objektiv). Greia er bare det at alle
vidvinkelane er så fryktelig dyre (trur det billigaste eg fant var rundt 4000-5000 kr). Derfor blei det i staden en 50 mm (som du av uvisse grunna kan få til under tusenlappen) :)

50 mm'en er ca 4,5 cm lang og ca 140 gram tung i motsetning til det andre objektivet som er nærmare 10 cm og over eit halvt kilo (dei 400 gramma gjere litt forskjell når du skal gå å dra på det ein heil dag. Det at det er en fastobjektiv innebære (som du sikkert sjønna) at det ikkje har noke zoom, men det veier opp for det med å større max blenderopning (kan isolere motivet
bedre og gjere bakgrunnen meir uskarp) og det at den trenge mindre lys for å ta bra bilde:D Som om ikkje det var nok er det nye objektivet 5000 kr billigare å erstatte enn det andre viss det skulle bli utsatt for ei ulykke:P

Det måtte jo testast litt (ikkje ulykka altså:P):












søndag 20. desember 2009

Bilder frå Kråkenes


Etter mange veker på reparasjon i Oslo og en tur på ville veier i posten fikk eg omsider igjen mitt kjære speilreflekskamera ganske nylig:D Det måtte selfølgelig feirast! Forrige helg var eg en tur til Kråkenes for å ta bilder. Det blei som altid når eg er innblanda tatt ei usannsynlig mengde med bilde.