Life in the rear-view mirror

Life in the rear-view mirror

fredag 19. februar 2010

Bilbelte

”Æsj! Du e no so samfunnsbevist!”

Dette var det altså pappa som sa om meg ein gang fordi eg var så opptatt av å parkere nærme nok bilen ved sida av for ikkje å ta opp unødvendig stor plass på parkeringsplassen. I dag tenkte eg å leve opp til denne påstanden med å skrive mitt første fornuftige blogginnlegg sidan eg fikk meg ny blogg.

Bilbelte er noko eg er fan av. Når eg er ute og køyrer bil brukar eg alltid bilbelte. Korfor ikkje liksom? Det er en liten ting å gjer, null problem og i tillegg kan det komme til å redde livet ditt. Flotte greier! Kjøre eg i tillegg sjølv (som eg ofte og med stor fornøyelse gjere) blir dette med bilbelte til og med nærmast ein tvangstanke; har eg ikkje på meg bilbelte så føles det som eg ikkje kjem til å få til å køyre bile ordentlig. Dette høyres kanskje merkelig ut, men eg er et vanedyr uten like og har eigentlig aldri (med unntak av på tunet heime) køyrt bil uten bilbelte og veit følgelig ikkje om dette går an (om vi skal sette det litt på spissen). Har eg ikkje på meg bilbelte er eg rimelig sikker på at eg ikkje hadde greid å tenke på noko anna. Eit anna senario der bilbelte er svært viktig for for min sjelefred er viss eg skulle driste meg til å sitte på med broren min, men då handla det meir om overlevelsesinstinkt enn tvangstankar.

Viss eg derimot reiser med buss er det ikkje alltid eg er like flink. Eg er blitt så pass gammal etter kvart (21 år) at eg offisielt kan starte setningar med ”då eg voks opp…” og det har eg tenkt å gjere no. For då eg voks opp hadde vi ikkje bilbelte på bussar. Etter kvart dukka bilbelta opp der og. Då dette begynte å komme var det liksom allereie en innlært ting at en skulle bruke belte i bil men ikkje i buss. Eg var ganske ung på den tida og hadde ikkje akkurat refletert så nøye over den slags dobbeltmoral. Det eg mente om saka var derfor at viss det ikkje har vore nødvendig med bilbelte på buss før så er det ikkje nødvendig no heller. Etter kvart som eg er blitt litt eldre og har tenkt litt meir over saken er eg likevel kommen til at det nok er ein god idé å bruke belte også på buss. Konklusjonen blei den same; korfor ikkje? Det kan redde livet mitt.

Ein fredag eg sat på bussen frå Volda til Nordfjordeid fikk eg dessutan en liten aha-opplevelse som i grunn forsterkar synspunktet mitt. Bussen hadde akkurat forlatt Volda og var på vei til å køyre av ferja på Folkestad (for dei som er lokalkjende). Eg satt med speilreflekskameraet mitt (av typen Canon 40D) med eit passelig stort og tjukt objektiv på og såg gjennom nokon bilde. På motsatt side av midtgangen satt det to små gutar. Den nærmaste satt å kikka storaugd på meg og det svindyre kameraet. I det bussen køyrte på land kom eg på at eg skulle ta på meg bilbelte. Til mi store overrasking reagerte guten med å kopiere denne handlinga, tett fulgt av at den andre gutten gjore det same. Eg kunne ikkje anna enn å smile litt. Då eg var liten såg vi vel litt opp til dei som var litt eldre, men det hadde ikkje slått meg at eg var i nokon posisjon til å påverke nokon verken den eine eller det andre vegen. Det var kjekt å vite at eg hadde satt et bra eksempel og påverka nokon på en positiv måte.

Sjølv om eg kan vere litt slurvete med bilbelte på buss frå tid til anna, syns eg det er et poeng å lære barn å bruke bilbelte også på buss. Mange unge blir nok påvirka av at det endå ikkje er sett på som viktig å bruke bilbelte på buss av mange (både vaksne og unge). Blant ungdom er det gjerne ikkje ”kul” heller. Derfor syns eg det er viktig å gå forran med eit godt eksempel og har derfor bestemt meg for å bli flinkare også av den grunn.