Life in the rear-view mirror

Life in the rear-view mirror

lørdag 23. oktober 2010

RE: Søvngjenger

I mars skreiv eg et innlegg om å gå i søvne, her kjeme det ei litt forsinka oppdatering.

Ei stund etter innlegget var publisert (i april eller mai trur eg) hadde vi to veke med journalistikk på skulen kor vi skulle drive nettavis (egentlig meir som en sjukt seriøs blogg med deadline). Her måtte altså sjenerte og usikkre meg bare bite tennene sammen og gå inn i journalistrolla. Dette var unektelig veldig lærerikt og sannsynligvis noke eg hadde sjukt godt av, men det var nok ikkje fritt for at eg forbanna mitt valg av studier daglig desse to vekene.

Poenget er i alle fall at denne typen arbeid som er så langt utafor det eg lika å styre med at komfortsona mi i grunn er ute av syne føre med seg en del stress. Stress utløyser søvngåing (litt i tvil om det er et ord).

Ut over desse to vekene begynte eg å merke meg meir og meir tydelige teikn på at eg sov en smule urolig. På et eller anna tidspunkt var det så gale at eg fikk mitt første virkelige bevis på at eg har styrt med ting i søvn. Det er ikkje alle som får oppleve at en sjølv går i søvne og det er ikkje å anbefale. Ei natt vakna eg nemlig av at eg satt i senga mi og såg ut vinduet. Eg hadde bare dratt gardina litt frå og satt meg opp. Men dette var absolutt ikkje en normal stilling å sove i og heller ikkje å vakne i så eg fikk rett og slett litt noia. For det er greit nok å vite at en går i søvn, men det er jo i grunn ein ganske surealistisk ting. På en måte trur eg ikkje heile greiene med at eg går i søvne virkelig sank inn før eg vakna på denne måten mens eg gjekk i søvne. For kor snålt er det egenlig ikkje å gjere masse rart uten å vite om det?! Det er jo nesten som om noken har tatt over kroppen din og gjort det for deg. Men no skal ikkje dette her bli ei full reprise av forrige innlegg.

I alle fall overlevde eg to vekers "journalist-praksis" sjølv om det skal seiast at eg blei heime og sov den siste dagen då det gjekk opp for meg at eg hadde publisert godt over snittet og derfor kunne ta fri med god samvittighet. Trur aldri eg har vore så letta som då dei vekene var over.

For øyeblikket er det fleikameraproduksjon det går i på skulen, noke som passa meg mykje bedre. Det skal ikkje så mykje arbeid til før eg blir stressa så det er en viss strssfaktor ute og går no og, men å vere kameraoperatør er noke eg føle eg kan få til og det er faktisk veldig artig :)

Tenkte eg skulle legge ved et bilde som passa, men fant ikkje noke. Så då blei det "stormen i vannglasset". Dette er en fin illustrasjon på korfor eg blogga om sånne ekstremt uinteressante ting: rett og slett fordi det blåse full storm oppi haude mitt nesten konstant og eg trenge å lette på trykket inn i mellom :P



Ellers har eg noke bevegelses-greier frå arbeidet meg ei skuleoppgave i "Photo for media" som eg ikkje er sikker på om eg lika sjølv en gang:


Lukkartid: 1 sek


Lukkartid: 1/8 sek.