Life in the rear-view mirror

Life in the rear-view mirror

fredag 26. mars 2010

Salg av kreative treningsapparater på TV

I skrivende stund sitte eg på hybelen min og slappa litt av før eg skal på skulen. Denne tida av døgnet er stortsett den einaste tida på døgnet at eg bruka å sjå på tv. Viss du nokon gang har sett på tv3 om morgonen har du sikker vore ut for laaange reklamer som f. eks. TvShop eller Tvins. Dette er altså reklamer så lange som et vondt år, eller i alle fall så lange som ein vond tv-serie, og for dette formålet kan vi kalle fenomenet ”Reklama”. Men det er jo ein ting, Tv3 er jo langt frå den største kanalen i Noreg (NRK leda jo overlegent) og må jo tene pengar på eit eller anna vis, noko som gjere dei avhengige av reklamefinansiering. Men anyway, desse uendelige reklamanes modus operendi er sensasjonelle produkt som ingen har set maken til og tilbod som sjølvsagt er for gode til å vere sanne! Det som for hundre og ørtande gang irriterte meg i denne elles så fine (og regnfulle) morgonstund er treningsapparata dei prøver å selje til folk. Misforstå meg rett no, eg er sjølv medlem på et treningssenter og meinar at sport og trening slettes ikkje er å forakte, men det meiner openbart desse luringane. Anslaget (et lite forsøk på å høyres profesjonell ut frå mi side) i desse reklamane er standard; en liten introduksjon av kor fantastisk vondt og vanskelig det er å trene på vanlig måte. Du har faktisk lidd så mykje at du ikkje ana det sjølv ein gang! Men fatt mot, Reklama er din venn i nøda. For ”point of no return” kjem med lyset i enden av tunellen, gang etter gang. Apparata er kanskje forskjellige, dei heite ikkje det same og ser ikkje like ut, men dei har alle en ting til felles. Dette får jo spenningskurven til å flate seg ut litt for kvar gang du ser ei slik reklame. For vi veit det allereie, allereie frå første sekund. Det dei har til felles er sjølvsagt at dei er uovertruffne, revlusjonerande, overlegent effektive, tidsbesparande og sist men ikkje minst; morsomme. Ja, du høyrte rett! Det skal vist nok bli morsomt, smertefritt og avslappande å trene, sjølv om du (som reklama allereie har påpeika) aldri har syns det har vore det før.

For min del (ikkje fordi eg veit noko som nokon andre ikkje veit) så er det stortsett et helt knippe med logiske brister i ei slik reklame.
Brist nr 1: Trening er trening, eller? I hovudet mitt så fungera det slik at jo hardare du trena, dess meir resultat får du. You’ve got to learn to love what’s good for you blir det sakt, det fins ikkje nokon snarveia. Ein kan sjølvsakt finne ting som er artigare å gjere enn andre, sånn som at ting som fotball og snowboarding slår jogging hardt etter mi meining, og Parkour det kan anbefalast. Romaskiner med meterteller er heller ikkje å forakte, i alle fall ikkje viss du har nokon å ro om kapp med:P
Brist nr 2: Korleis kan det ha seg at gang etter gang er det dei presenterar revlusjonerande, nyskapande, overlegent effektivt og, i følgje dei sjølv, nesten latterleg underprisa…. For min del så syns eg ikkje det henge på greip. Korleis har det seg at det er nettopp desse som alltid får distribuere det beste av det beste, og at dei samtidig underbyr seg sjølv… det skulle jo ikkje vere nødvendig viss produkta er så fantastiske!
Brist nr 3: Viss Reklama har sitt på det reine, korfor tar den i bruk skamlaus (og i mine auger kynisk og uetisk) manipulering av ”bevismatriala”? For Reklama er glad i før og etter bilder. Når du kan sjå at før-bilda er blitt strekt i bredda mens etter bileta er strekt i høgda veit du at du er offer for lureri. Et anna triks er for eksempel at du ofte ser at på før-bilda står vedkommande veldig nærme kamera, mens på etter-bilda står personen mykje lenger frå. Dette bidreg jo så klart til at vedkommande ser mindre ut på det siste biletet. Ein anna klassiker som blir brukt mykje er virkemiddel som lys, fargar og kroppsspråk. Viss vi ser en samansunken person i dårleg lys og dystre fargetonar på det første biletet, mens vi ser en person med stolt holdning i flatterande lys og friske fargar seie det seg vel sjølv kva det er meninga vi skal strebe etter. Det siste trikset eg vil nemne under denne bristen er noko som ein episode om temaet på Penn & Teller (eller Bullshit som det heite egentlig) gjore meg oppmerksam på. For på mange av etter-bileta ser vi ribbein som stikke ut… er det noken som trekke inn magen kanskje?

Reklamer som dette er en av fleire grunnar til at eg ALDRI skal jobbe i reklamebransjen. Eg har laga ei reklame i mitt liv (med mindre vi rekna med en plakat eller to for lokale arrangement) men det var noko så uskyldig som ei spotify-reklame for ei studieretning på Høgskulen i Volda (reklama heiter ”mamma på telefonen” og kan høyrast på midlabs.no).

Det er så utrulig mange reklamer av typen ”eg vedda på at du har et stort problem! Flaks at eg kan hjelpe deg med det!”. Media har ei viktig og mektig rolle i samfunnet som dessverre blir grovt misbrukt av altfor mange. Heldigvis er det og bra tendensar å sjå i media og Noreg er nok ikkje det værste landet sånn sett. Likevel er det under sterk tvil eg satsar på ein medie-utdanning. Eg vil nemlig sove godt om natta og ikkje bare ha ein jobb eg trives med, med ein eg med handa på hjertet kan seie at eg ikkje syns er moralsk forkastelig.

mandag 22. mars 2010

Typo og linka

Etter mykje styr me virus og greier kunne eg i dag besøke sikre sider som hotmail.com igjen for første gang på to daga uten feilmeldingar, sikkerhetsvarsel og tvangsblokkering av innhold. Eg var derfor glad for å sjå min kjære mail igjen. Som en liten prikk over i'en blei eg møtt med denne teksten:




Denne lisje tabben fra MSN si side syns eg selfølgelig var ekstremt morsom :)


Vidare har eg hatt et lite innlegg om fine linka liggande å slenge ei stund som eg tenkte å publisere. Det kjeme altså no.

Eg studerer for tida Media, IKT og design og i forbindelse med studiet blir vi opplært i bruk av diverse ekstremt overprisa programvare (mesteparten frå Adobe), mellom anna Photoshop. Eg har etter kvar utvikla ei aldri så lita Photoshop-avhengihet og har i lenger tid prøv å finne ei erstatning (av den enkle grunnen at det kosta intet mindre enn 10 000 kr for en lisens). Her ein dag snubla eg over ei genial webside:

http://alternativeto.net/

Vi har jo og fått opplæring i andre program, men heldigvis er ikkje alle like vanedannande. Adobe Dreamweaver for eksempel blei i alle fall eg fort kurert for.

Her er noken andre linka frå mi rikholdige samling med bokmerke:

Gratis bilde i stor oppløysning som en kan bruke til nesten det en vil og det er lovlig til og med:
http://www.sxc.hu/

Viss du som meg av og til er ute etter brukbare kilder kan du prøve denne sida:
http://scholar.google.no/

Hjelp med ein irriterande Photoshop-bug:
http://www.davidbisset.com/2007/12/15/photoshop-stuck-on-hand-toolicon/

Artige lære-spel (høyres skikkeli kjedelig ut, men eg har fått hekta på geografispel:
http://www.purposegames.com/

Photoshop tabba = komisk:
http://photoshopdisasters.blogspot.com/

Syns du det var fint med linka? Sjekk ut denne sida:
http://www.notcot.org/

og denne:
http://www.randomwebsite.com/

søndag 14. mars 2010

Søvngjenger

Eg skreiv i utganspunktet dette innlegget til den andre bloggen min so det er på tvilsom engelsk, bare å beklage, men eg er for lat til å skrive det om til norsk :)

Like a lot of people I used to sleepwalk when I was a kid. Most people stop doing it as they get older though, I didn’t. It’s been a few years since the last time anyone has seen or heard me do anything but mumble in my sleep, but sometimes I will wake up to find that I’m wearing something that I’m sure I wasn’t wearing when I went to sleep. That way I know I’m still doing it.....

A few days ago I woke up to find that my right ankle was feeling sore. I took a look at it and was slightly shocked to see that I had a fresh wound there that looked like it had been bleeding quite a bit and was now swollen. Right above it I had two red marks and I could tell I was going to get bruises. I was a little bit freaked out by this. It seems pretty bizarre to get hurt during the night while sleepwalking. What had happened? What had I been up to? Besides from that it is beyond me how I could get hurt like that without waking up. It must have hurt, but since I didn’t remember anything I couldn’t have woken up I think. The whole thing was a little bit scary. When I woke up, before noticing what had happened to my ankle I was already suspicious that I might have been up and about in the night. The reason was that I thought the cloths lying next to my bed had been shifted. This leads me to think that I have been walking around too. If you ever been sleepwalking you probably know what a weird feeling it is to see things hinting that you’ve been doing something, but not being able to remember what or even if you’ve done anything. You might have walking around, seen stuff, done stuff, said stuff and you will probably never be able to remember it. It’s like it never happened to you, but it did. You might have walked around in public half naked or you might have been acting all crazy. It’s a bit like somebody else have been borrowing your body and you’re wondering what they did to it! It’s a super strange thought for sure.....

I’m just a little bit freaked out because it’s the first time in years that I have proof the I’ve done something in my sleep besides mumbling and moving stuff next to my bed...