Life in the rear-view mirror

Life in the rear-view mirror

tirsdag 25. desember 2012

Will write something very soon!

Until then:



The above pictures are from Kvannhovden Lighthouse. They are not manipulated in any way. I just had some fun with the light, the colors, the reflections in the glass and the way the view was distorted when seen through the lantern.

Also, as I've mentioned befor, I've been getting into urban exploration. I was unsure as to weather I would stick with it, but now, all I see is abandoned buildings! :O





More pix at Flickr and DeviantArt



torsdag 13. desember 2012

Lier Mentalsjukehus

Del 1

Denne gangen føler eg veldig for å skrive på norsk. Laurdag 24. november bestemte eg og Ramona oss for å ta ein tur til Lier Mentalsjukehus. Vi begynte dagen med å gå feil, men fant etter kvart fram på en sti gjennom skogen og ankom ved det vi kom fram til måtte vere B og E-bygget, to av dei nedlagte avdeligane.

På førehand hadde eg gjort en heil del research… i den grad bloggar kan reknast som pålitelige kjelder… eg som har studert media burde vel vite betre. Vi hadde lest om den forferdelig ubehagelige atmosfæra, kamera som plutselig slutta å virke, overdrivent vakthold og bygningar som hadde blitt revne.

Det første som slår mot meg til min store skuffelse er mangelen på påtakelig dårlig atmosfære. Eg står ved eit høgt gjerde og stirra inn på et gigantisk forfallent psykiatrisk sjukehus innhylla i et lett slør av tåke inne i skogen og det eg er mest redd for er at ein av dei bilane eg høyre skal vere på veg opp hit. Ramona himla med auga og påpeika at dei faktisk ikkje kan ta oss på at vi er på arkitekturvandring på den lovlige sida av sperringane, på den leselige sida av skiltet med teksten ”Farlig område. Adgang forbudt”.

Etter kvart som vi tar det raudbrune bygget (E-bygget) i nærmare ettersyn blir derimot snart skuffelsen min påtagelig, noko som med litt godvilje kan seiast å skape ei dårlig atmosfære. Vi leika med tanken at det kunne vere eit fantombygg, i og med at vi hadde høyrt det skulle jamnast med jorda for 3 år sia, men her står det like frekt og ser i grunn ikkje ut som det har tenkt seg nokon plass. Dette bygget seiast å vere det værste, og her skulle stemninga vere så dårlig at ein kjenne det på lang avstand. Eg står og kikka meg nervøst over skuldera. Bak meg ligg ei av dei avdelingane som framleis er i drift og dette likar eg dårlig! Langt dårligare enn den raudbrune kolossen framfor meg. Eg huskar ikkje om eg sukka i det eg snudde meg tilbake mot den historiske vederstyggeligheta 3 meter framfor meg, men det kunne vere dramaturgisk korrekt akkurat her. For dette hadde eg ikkje forventa, naivt godtruande som eg er. Ikkje ein gang kameraet mitt lar seg merke ved nærværet av den dødsdømde raudbrune. Det er hol i gjere på Lier seiest det og bygg E har opptil fleire, og vidopne dører i motsetning til bygg B.

Det er derimot i nærvær av bygg B at vi får oppleve det nærmaste vi skulle komme ei overnaturlig oppleving denne dagen. I det eg er i ferd med å dokumentere framsida av bygget, merka eg meg at kameraet mitt (Canon EOS 40D) er bittelitt treigt, men bare litt. Det blir imidlertid verre. Eg utbryte ”ka det e no då?!” og ser meg rundt etter vedkommande som eg snakka med, men Ramona er ikkje å sjå nokon plass. På dette tidspunktet blei eg litt stressa, men tilbake på vegen fikk eg straks auge på ho ved gjerdet. Eg fortsette å ta bilde her og kan konstatere at noko fremdeles er litt merkelig med kameraet. Det er vanskelig å forklare for nokon som ikkje kjenne kameraet, men det oppstår ein liten forsinkelse mellom at eg trykke på utløysaren og bildet faktisk blir tatt. Det elles lynraske speilreflekskameraet sneglar seg plutselig ettertenksamt av gåre i slow motion. Kanskje minnes det eit tidligare liv som kompaktkamera? Ikkje veit eg. Kameraet er satt på serieopptak (ikkje sånn der hypersensitivt seriopptak altså) og etter kvart må eg holde knappen nede så lenge før kameraet reagera at det tar 3 bilde i slengen mens det først er i gang. Ein gang vil ikkje det ta bilde og elles fokuserte det litt upresist, noko eg ikkje har opplevd med vedkommande objektiv før. Dette kan jo knapt kallast fullstendig kamerakræsj, og det kan jo strengt tatt ha sine naturlige årsaka, men litt arti var det jo likevel. Eit par lysår unna ein skikkelig Lier-opplevelse, men greitt nok.

Etter kvart tar vi turen gjennom skogen til bygg A. Dette er eg lite gira på fordi vi må passere rett forbi bygg C som fremdeles er i bruk, men Ramona lar seg ikkje merke med sånt og eg følgjer nervøst etter. Vel borte ved dagens tredje objekt, kan vi konstatere at nokon her (som ved E-bygget) har opna gjerdet og rett og slett spasert rett inn… det er til og med en godt opptrakka sti inne på det sperra området så vi anslår at dette antakelig er den mest populære destinasjonen for spøkelsejegera, adrenalinjunkiar og sånt som elles måtte slenge på slike lugubre reisemål. Også her står det med store bokstava: ”Farlig område. Adgang forbudt”, men trusselen om skade, død og straff felle for døve øyre kan vi tydelig sjå. Eg hadde sett føre meg at ein måtte til med avbitar om ein ville inn, at vaktene overvoka området kontinuerlig og at politiet sto klar i buskene, for sånn kunne ein nærmast tolke snakket på nett, men der tok eg visst feil. Eg får fort auge på en veg på oppsida av bygget som eg vil ta en kikk på og forsvinne opp ein bratt, glatt bakke som Ramona nekta å ta fatt på. Aleine i skumringa finne eg restane av eit gjede med piggtråd på toppen og tar veien gjennom det som kan sjå ut som restane av ein luftegård (?) og befinne meg no på oppsida av bygget. Her er det óg ein stor opning i gjerdet så her spassera eg like godt rett inn. Likevel blir det ikkje til at eg går lenger enn snaue 3 meter frå opninga. Lukkartida på kameraet mitt har vandra heilt opp på 1/3 sekund så det er nesten umulig å ta skarpe bilder, sjølv om kameraet elles fungerar fint igjen. Det er med andre ord begynt å bli mørkt. No begynne eg å føle på kroppen at eg faktisk befinne meg aleine i umiddelbar nærhet av ei dyster bygning som faktisk har eit visst rykte på seg. Eg er ikkje akkurat redd, då det heile følast litt uverkelig, men eg skjelve svakt og føle meg litt svimmel. Eg står på toppen av ei trapp som fører ned til bygget og eit stort, vidopent svart hol av ei dør. No er det ikkje lenger et gjerde mellom meg og Lier Mentasjukehus… det føles merkelig. Eg snur og går ut igjen, finne veien tilbake langs utsida av gjerdet og kan konstatere at Ramona er bortevekk. Eg skal akkurat til å ringe til ho då det kjeme ein bil kjøyrande opp til huset. Eg får passelig noia og tar turen opp gjennom skogen og opp på stien over igjen. Stien går i omtrentlig riktig retning så eg satsa hardt på at den går opp igjen dit vi kom frå. Det gjere den ikkje vise det seg. Tåka har tiltatt litt og det blir stadig mørkare. Sist men ikkje minst befinne eg meg i skogen, omringa av Lier Mentalsjukehus… så var det altså vegetasjonen som skulle få stå for noiaen en laurdags kveld i November. Akkurat i det eg skal til å bli betydelig fortvila får eg auge på ein gigantisk blågrøn sak til høgre for stien og styre letta inn i skogen mot det som må vere bygg B.

Altså har vi ikkje opplevd dårlig atmosfære ut over det vår eiga psyke sto for. Vi opplevde bare mild til moderat kamerakræsj. Muligens med unntak av den bilen som bare svippa opp om A-bygget såg vi ikkje noko vakthold og dei vidopne gjerda tyde heller ikkje på noko omfattande oppsyn med området. Elles, no er ikkje vi eksperta på rivingsprosessa og sånt, men så vidt våre ufaglærte auge kunne skue så leve det raudbrune E-bygget fremdeles i beste velgåande… Etter litt vidare research viser det seg at bygg E er blitt freda og at kontinuerlig vakthald ville vere kostnadsmessig umulig i følgje Lier Kommune.

Ramona hadde som ho sa ingen andre forventninga enn å sjå gamle hus, so ho meinte turen sto heilt til forventningane. Eg…vel. Eg trur folk har jævlig god fantasi og føle meg stadig litt fortvila over min egen manglande evne til å forstå at ikkje alt som folk skrive på nettet stemme eller, rettare sakt, at eg ikkje får oppleve det samme. Jaja, et stk merkelig bilde og et ganske bra kamera som midlertidig blei redusert til et ganske dårlig kamera er vel ikkje så verst det heller ;)

Mangt har nok foregått bak lukka dører på nettopp slike institusjonar rundt om i det ganske land. Akkurat kor fakta sluttar og spekulasjonar og myter overtar er jo ikkje så lett å vete, men behandlingsmetodar som lobotomering er høgst reelle og offisielt var den siste i Noreg utført så seint som i 1974. Liknande inngrep er fremdeles i bruk i Sverige. Elles fins det vel alltids kyniske folk som gjere livet surt for menneske dei har makt over, som sinnslidande. Inntrykka sette seg litt når eg er trygt tilbake på hybelen og lese boka ”23 salen” som omhandlar forholda på Lier på midten av 70-talet då desse bygningane fremdeles var i full drift. Dette er ikkje særlig betryggande lesning og heller ikkje dokumentarar som denne(NRK.no) er akkurat frydefull. Sida besøket på denne dystre staden har eg hatt ein merkelig følelse som eg ikkje heilt klare å plassere og eg har vore plaga med rare draumar som eg kan huske relativt tydelig.

Del 2

Ingen vits å skrike, ingen hører
Ingen vits å gråte, ingen føler
Ingen vits å gå…. ingen steder
Ingen vits å sparke, der er så tjukke vegger

Så står det skrive… på Lier Asyl, bygg A.

Så blei det altså enda et besøk på Lier. Denne gangen såg vi spøkelseshus, spøkelsesgardiner, spøkelsesrekkverk, spøkelsessol, spøkelsessåpedispenserar, spøkelses…. Vel som du sikkert forstår såg vi, tross stor velvilje, ingen ekte spøkelse. Kameraet mitt fungerte upåklagelig med unntak av en eller to ganga, faktisk syns eg nesten fokuset fungerte betre enn vanlig, om noko. Hadde kameraet kanskje vore innlagt her i et tidligare liv så lys blei overflødig for å orientere seg? Blitzen utløyste når den sto på og lot det vere når den var av. Av 4 AA-batterie, 6 AAA-batteri og et kamerabatteri blei ikkje eit einaste av dei tappa på uforklarlig vis. Ingen smelte med dørene eller viste seg i vindauga (verken på innsida eller utsida). Likevel, før eg begynne å høyres altfor kjepphøg ut, må eg nok innrømme at redigering av interiørbilda frå bygg A må vente ei stund, for laurdags kveld klare eg ikkje dei bilda av uvisse grunna.

Også denne gangen hadde eg gjort mykje research i forkant. Likevel har nok kildene min stege eit par hakk på kvalitetsskalaen. Endringa i typen søkeresultat kan eg takke for eit enkelt søkeord, det er nemlig stor forskjell på ”Lier Mentalsykehus” (det populære namnet) og ”Lier Sykehus” (det faktiske namnet). Denne gangen hadde eg altså fylt haudet mitt med saksdokument frå Lier Kommune og Vestre Viken HF… og hadde det ikkje vore for den der tilstandsrapporten eg snubla over ein sein kveld på verdsveven, hadde eg nok snudd i døra då vi blei møtt av to hull i gulvet. Men det var bare golvplankane, etasjeskilla skal vere i tålelig stand (i allefall i 2009), så vi fortsatte, men tok det som ein advarsel om å passe godt på kor vi satt beina. Eg la dessutan ned veto mot å besøke både loft og kjeller etter å ha sett tilstanden til den første trappa vi kom til. Den såg rimelig massakrert ut, så då fikk det ikkje hjelpe om dei andre trappene såg aldri så fine ut og hadde rekkverk som såg påfallande nymalt ut (virkelig VELDIG påfallande). Etter å ha studert bilda av den første trappa mistenke vi at den faktisk er massakrert, i og med at det såg ut som ytterdøra muligens har vore opna med motorsag…

Inne i bygg A vart eg ganske overraska over meg sjølv. Eg var nesten rolig. Bare nesten. For roa var bare toppen av isfjellet, det var ei slags sjokkarta ro. For det kunne jo liksom ikkje stemme…. At eg, EG (!!!), hadde forvirra meg inn på Lier. Eg kunne kjenne at pulsen min var litt høgre enn vanlig, men elles var alt vel. Eg trudde den svarte tåka av panikk skulle komme sivande og legge seg som eit tett teppe rundt haudet mitt, men panikken min var som bambi på isen. Den var parat når den følte seg kalla (som når eg plutselig skimta en svart skikkelse i sidesyne, som viste seg å bare vere Ramona som hadde gått inn ei dør og kom ut ei anna), men den måtte gi seg like fort for den fikk liksom ikkje fotefeste. Vi såg rett og slett ikkje et jævla spøkelse som kunne rettferdiggjere den, og falleferdige hus hadde vi jo sett før, vi har jo vore på gamle Lyster Sanatorium.

Laurdags kveld måtte eg gje opp redigeringa av interiørbilda inntil vidare, for eg klare dei bare ikkje heilt akkurat då. Veit ikkje korfor, men mulig eg bare er litt i sjokk over at eg har vore inne på Lier… etter alt det sjuke eg har lest om plassen. Det føltes på en måte… for lett. Å bare løsne en liten streng, løfta en del av et anleggsgjerde ut av ein betongkloss, og bare spasere rett inn på Lier Asyl, ei aldri så lita ulovlegheit, utan bruk av avbiter, vinkelsliper eller motorsag og utan engang å springe hylande derifrå i vill panikk, gå ut av sitt gode skinn eller måtte innleggas i nabobygget. Akkurat som sist sitte eg igjen med en merkelig følelse av at det var noko eg ikkje oppfatta då eg var der, og at det e sjukt god ide å ALDRI reise tilbake dit. Eg veit ikkje korfor det er sånn. Dagen etter var eg allereie begynt å angre litt på at vi ikkje var på lofte… at vi ikkje var i E-bygget… eg er nesten begynt å leike med tanken på et besøk til…

Vi såg rare ting, det skal vere sakt. Vi såg omtrendt 3 gardiner i heile 1. etasje. Alle saman såg ut som dei like så godt kunne vore nye. Som om nokon bare rett og slett syns det var en steikje god ide å ha bare ei gardin og flassa maling og bare var ute å ta seg ein røyk mens vi snoka rundt her. Men ingen henge vel opp gardiner i bygg A lenger? Kunstfiber, konkluderte vi… med mindre nokon hadde funne det for godt å pusse opp. Kva oppussing angjekk, ankom vi etter kvart dagens tredje trapp. Kvar ein flekk på Lier er dekka av flassa maling, men det såg ikkje ut som tidas tann hadde bete på rekkverket i denne trappa. Den såg rett og slett nymalt ut. Blank og fin og knall raud var det, til vår store forundring. Igjen får eg litt følelsen av at det må vere nokon her. Der det er nymala rekkverk er det folk ikkje sant? Aldri før har eg sett livlause gjenstandar forbryte seg så skamlaust mot fysikkens lover (med unntak av eit i overkant livlig pannelokk en gang), og dette gjore meg unektelig litt utilpass.

Elles var ein del rom djupsvarte frå midtvegs oppe på veggen og opp. Den typen svart som bare slukte blitsen min og gjore den ubrukelig. Dette var på ingen måte mystisk. ”Brann på gamle Lier psykiatriske Sykehus” står det nemlig i diverse nettaviser datert 14.06.2009, då helvetesmakta holdt på å ta overhand i første etasje. Synet var en smule surealistisk og begeistringa var stor over eksplodert glass, rast murpuss og avgrunnen i det svarte, svarte, røykskada taket.

Enkelte rom hadde heilt enormt ekko. Eg snudde og forta meg ut døra igjen før personalet heilt nede på avdeling C og G skulle høyre meg kviskre. Interiøret begrensa seg i grove trekk til brusboksar, brannslangar og såpedispenserar. Malinga var det heller ingen som hadde tatt seg bryet med å stele, konfiskere eller sette på lager, om den virka aldri så ivrig etter å forlate veggane. Elles var en del av bilda litt ulogisk uskarpe. For eksempel kunne forgrunnen og bakrunnen vere nogen lunde i fokus, mens området i mellomgrunnen var fullstendig uskarp tilsynelatande utan logisk grunn. Det kan muligens skyldast dugg på linsa. Laurdag kveld låg eg likevel sammenkrølla og fikk ikkje sove. Når den angstforvrengte natta omsider blei til tidlig morgon blei det likevel litt søvn, og søndag morgon hadde noiaen, tross tunge skyts, pakka saken og reist, kanskje tilbake der den høyre heime? Til gamle Lier Asyl, som nok har vore påtagelig belasta av fenomenet opp gjennom åra. Det skulle vel bare mangle at det satt i veggane.

Vi snoka litt rundt bygg B og E denne gangen og, men bare på utsida. Eg hadde snubla over eit rykte på nett om eit vakttårn ved bygg B og dette måtte vi jo undersøke nærmare i og med at vi lurte veldig på korleis vi kunne ha vandra rundt B og E i to timar sist og klart å gå glipp av et heilt vakttårn. Vi blei etter kvart ganske lattermilde. Då eg seinare same kveld las om nokon som kunne fortelje om ein jordkjellar ved/i bygg B der det vist nok skal ha foregått kremering, tok eg dette først som lause rykter, men det var heilt til eg kom på at vi i mangel på vakttårn hadde måtte ta til takke med funnet av det som såg ut som ei pipe som stakk opp av bakken rett oppafor bygg B. Creepy.

Bilder kjem litt etter kvart HER

Eg tegna kart før vi tok tur nummer 2. Som du kan sjå på kartet under er A, B, E og F dei avstengde avdelingane. F har vore stengt kortare tid enn dei andre.


lørdag 1. desember 2012

Asylum

More fiction. From an idea I had after my visit to Lier Mentalsykehus a week ago, until I finally finish the actual story of our visit, which is no very intriguing in it self :P Sorry about any typos, as my notebook doesnt spellcheck.

-Fiction-