Life in the rear-view mirror

Life in the rear-view mirror

lørdag 10. desember 2011

Taxi og bensin

Du veit du har gjort det bra når du har brukt opp pengane dine på både taxi og bensin... en skulle jo tru en klarte seg med ein av delane? I alle fall på ei og samme natt?

Laurdag kveld hadde eg tatt turen frå Sogn og Fjordane til oslo. sammen med ei venninne og to andre var eg på Nationaltheateret og såg "Rokkeulven". Etterpå tok eg og venninna mi (Janne) toget tilbake til Gardermoen der bilen sto parkert.

Eg hadde vore framsynt nok til å forutsjå at en kjøyretur inn i Oslo-sentrum med en GPS som formiddla sine opplysninga på tvilsom Ålesundsdialekt i litt retro (les: utdaterte) stil ville vere meir enn eg kunne klare å sette pris på tidlig en laurdags morgen. Derfor parkerte vi på Gardermoen som en kjeme seg til ved å "holde til høgre og ta en høgresving om 30..... nei eg mena 400 meter".... GPS'en har en tvilsom sans for humor med andre ord. Men vi fant fram etter å ha kjøyrt feil et par, tre gangar.

innimellom all banninga og stressinga var det en ting eg ikkje tenkte på. Sidan eg fylte bensin hadde eg kjøyrt den ca 7,5 time lange turen frå Nordfjord. Greit at beistet av en Citroen Berlingo har en tank på sikkert 50 liter, men den er tørst som få.

Heller ikkje då vi returnerte til bilen i 10 tida om kvelden tenkte vi på at bilen i bunn og grunn sto der og frysetørka som ein pose med turproviant. For det er rart med det. Dei ser i bunn og grunn heilt like ut uansett ka dei drive med dissa bilane. Likevel, når vi satt oss inn starta den uten protest. Uvitande om at det var ein sjukt dårlig ide kasta vi oss ut på nærmaste motorveg og susa gjennom natta i retning Notodden. Til alt hell endte vi ikkje våre daga i målneskinnet midt på ein 8-felts motorveg i Oslo. Berlingoen hadde litt meir å gje om den var aldri så svoltefora. Så vi kjøyrte lenge og lenger til det var slutt på motorvegane og vi kjendte oss igjen, for vi var komt til Kongsberg. Dei som er kjendt i traktene veit at Kongsberg er ca en halvtime frå Notodden, og at den halvtimen tilbringe en ute i ødemarka.

I motsettning til den bilen eg egentlig hadde tenkt å låne av foreldra min, en Peugeot 307 sw, lika Berlingo'en å lide i stillhet. Peugeot'en pipe og blinka og gir skriftelig beskjed om ka som er i vegen. "Fuel level low" seie den på displayet sitt og pipe med jamne mellomrom i tilfelle ein er alvorlig senil eller noke sånt. Berlingo'en derimot, er sjentert og forsiktig. Hadde eg ikkje vore opptatt med å speide etter elg og fotgjengarar hadde eg kanskje fått auge på et lite rødt lys på dasjbordet. Problemet er bare at bilen er hypokonder. Ved siden av det lisje, raude lyset som er vasellampa for bensintanket blinkar nemlig eit betydelig større og knall oransjt lys: varsellampa for airbaggane som har blinka dei siste åra og som verkstedet påstår at ikkje er noke å bry seg om. Altså lot vi oss ikkje merke med lysande varsellampa eller tenkte tanken at ein ikkje kunne kjøyre i det uendelige på éin tank med ein svært så tørst bensinmotor. Altså kjøyrte vi vidare.

Etter nesten 20 minutt begynte bilen så smått å lugge. Hadde eg tenkt litt då ville eg huska at ei venninne av meg fortalte meg i sommar at det skjer med bensinbilar når tanken er nesten tom. Men den gangen var vi på jobb med bilen full av bensinkanner og den ustanselige rykkinga i bilen skyldast litt for svak og overoppheta bil, litt for tung hengar og veiar ala Vestland. Altså hadde ikkje kunskapen festa seg tilstrekkelig til at hjerna mi kobla. Dessuten var bilen lånt og min bil, en liten Hyundai Getz, som eg er vandt med, er så hinsides overfølsom at den lugga bare gassfoten ens viser tegn til liv, som at det strømmer blod gjennom den. Altså såg hjerna mi tre alternativ som den fant i tidligare erfaringar: bilen er overoppheta, du har en forferdelig tung hengar bakpå eller bilen er sutrete og vanskelig og trenge bare litt meir turtall. Alternativ en blei raskt utelukka etter et blikk på temperaturmålaren. Alternativ to blei og utelukka fordi eg ansåg det som ekstremt usannsynlig at en hengar skulle ha materialisert ut av det blå. Altså måtte løysninga vere å gire ned. Likevel fortsatte bilen å lugge og snart rykkte den til ganske grundig og begynte å miste fart.

Så satt vi der. Ute i ødemarka midt på natta i en bensintørr bil som sto klaurete parkert på sida av vegen. Kanskje 10 meter bak var det ei stor avkjøyrsle som vi kunne stått trykt på hadde eg bare innsett kva problemet var litt før. Heldigvis fikk vi trilla bilen litt ut av vegen. Eg insåg at eg blei nødt til å trosse telefonangsten og ringe til NAF. På NAF-kortet sto det et nummer eg kunne ringe. Framfor dette nummeret stå det "døgvakt". Dumme meg trudde at et døgn besto av 24 tima og strakte seg... vel, døgnet rundt. Men så feil kan ein ta! NAF sitt døgn strekke seg nemlig bare frå 08.00 til 16.00 kunne ei automatisk stemme opplyse i andre enden. Eventuelt er ideen at ein kan ringe til alle døgnets tider, men at ein ikkje nødvendigvis får svar. Derimot kunne eg få lov å taste 2 for å bli medlem... way to go NAF! Så sto vi der altså. Vi bestemte oss for å gjere et førsøk på å få flytta bilen bak til avkjøyrsla. Eg satte meg inn og passa på å svinge rattet heilt til høgre. Då Janne begynte å dytte og fikk bilen i bevegelse viste det seg fort at rattet ikkje var svinga heilt ut, fordi bilen skapte seg vanskelig og rattlåsen var komt på. Altså satte bilen kurs rett ut i vegbana. Eg fikk av rattlåsen men det viste seg at bilen då sto slik til at den ikkje var til å rikke og dessuten med bakenden en meter ut i vegen. Det eg skulle komme til å oppdage seinare er at bilen antagelig på dette tidspunktet sto i gir... veldig lurt! Ikkje rart den ikkje ville flytte på seg. Altså hadde vi gått frå aska til ilden. Her var det bare å få ut varseltrekant fort som fy! Vi kunne ikkje ha nødblinken ståande på av frykt for å tappe batteriet og hengte derfor en refleksvest på den. Vi kom og fram til at det var best å komme seg ut av bilen og bli der med mindre vi var gira på nakkesleng og en flytur. Bilane suste forbi og det var like spennande kvar gang. Janne ringte til kjæresten sin for å høyre om han viste kven vi kunne ringe til. Etter at han var ferdig å le seg ihjel var han til god hjelp og foreslo taxi. No var det Janne sin tur til å ringe.

Etter at Janne hadde forklart situasjonen for dama på Taxi-sentralen lovde ho fikse taxi og forhåpentligvis bensin til oss. På dette tidspunktet var det fristande å gjere saken så enkel som mulig og ta taxien tilbake til Notodden og la bilen stå igjen til dagen etterpå. Ein kunne jo for eksempel tenke tanke at dinna forbanna, ubrukelige, drittbilen kunne bare stå der ute i ødemarka, men bilar er jo som kjendt kalde, livlause vesen som ikkje innehar evna til å konspirere mot deg og som det følgelig hjelpe lite å skulde på. Dessuten er den som nemnt ikkje min, så vi måtte nok ha den med oss nogen lunde uskadd. Altså kunne vi ikkje la den stå igjen og bli påkjøyrt, så eg satt meg i taxien som dukka opp etter ei stund og ga sjåføren det leie oppdraget å skaffe meg ei bensinkanne midt på natta. Han kunne fortelle at alle bensinstasjonar var stengt på den tida av døgnet, noke som førte til mild til moderat noia på mi side. Heldigvis hadde fyren kontakter så han kunne muligens skaffe til veies ei kanne. Altså la vi i veg i retning Notodden.

I det vi passerte skilta til Høgås og Høgås studentby der eg holdt til tenkte eg at det var søren meg urettferdig at ikkje dinna teite bilen kunne trille noken kilometer til før den tok kvelden. Jaja, sjebnen var nok ute etter meg. Men den hadde om ikkje anna ofra en tanke for det økonomiske aspektet ved si ondskapsfulle plan. På alle dei timane eg hadde tilbrakt på shopping den dagen hadde nemlig ikkje Oslos travle gater vore i stand til å mane fram nok entusiasme i mitt lett påvirkelige sinn til å få meg til å kjøpe en dritt. Eg kunne ha sittet baki den fancy bilen med et rødglødande kort i lomma og vakum på kontoen, i staden hadde eg på mystisk vis klart å beholde Oslo-budsjettet meir eller mindre intakt. Altså slapp eg å betale med lånt kort eller med knyttneven som eg har høyrt er en utbredt skikk rundt om i det ganske land i helgene. Sistnemde alternativ hadde vel først og fremst vore latterlig i og med at mi muskelmasse i armane er på et absolutt minimum.

Etter kvart fikk sjåføren tak i ei kanne på Esso og redda dermed dagen, eller natta rettare sakt. Med ei full kanne med bensin på fanget var eg så letta at eg nesten ikkje kunne tru det! Den kanna skal følgje meg her etter. Huska eg sarkastisk sa til pappa en morgon i sommar ”don’t you just love the smell of gas in the morning?” mens eg lempa 3-4 nyfylte kanner med bensin inn i jobbilen. Men akkurat denne natta skulle eg gjett mykje for dei irriterande kannene som stinka ut bilen og alt som var, og derfor satt eg gladelig kanna inn i baksetet før vi omsider kunne spurte og hente varseltrekanten og trill i retning Notodden. Takk til Notodden Taxi og alle folka som stoppa og spurte om vi trengte hjelp, men ikkje noke takk til GPS'en! Hadde ikkje den leda oss ut på ville veiar og fått oss til å kjøyre feil så mange ganga hadde vi kanskje nådd fram til Notodden. Den kan brenne!