Life in the rear-view mirror

Life in the rear-view mirror

mandag 23. januar 2012

Skal, skal ikkje

Val er luksus. Eg har vore så heldig å vokse opp i et fritt, velstande, demokratisk land, altså har eg et val. Eller… stryk ”et”, eg har sjukt mange val! Val er som sakt luksus, og med luksus kjem luksusproblem. For når ein har val som skal takast og alternativ som skal overvegast har ein ansvar, om ikkje anna for seg sjølv. Valga bør vere velgjennomtenkte, for seinare skal ein stå til ansvar for dei. Ikkje minst over for seg sjølv.

Eit av dei store valga i livet står eg for øyeblikket over for: kva skal eg utdanne meg til?

Det eg for øyeblikket har satt meg i haudet, er at eg vil bli filmfotograf. Dette har ikkje komme heilt ut av det blå. Blant mine kjæraste eigendelar finne du eit litt for dyrt speilreflekskamera av typen Canon EOS 40d, eit stort antal skissebøker som eg har brukt årevis på å fylle og eit snøbrett. Nå lure du sikkert fælt på kva dette har med film å gjere, og det skal eg fortelje deg. Så lenge eg kan huske har eg hatt ein forskrekkelig livlig fantasi. Når eg var liten kom dette kanskje først og fremst til utrykk i form av mørkeredsel og overdriven innlevingsevne. Det var jo fullstendig håplaust å leike zombi i lag med meg, kunne mine leikekameratar konstatere, for eg fikk fullstendig panikk. Etter kvart begynte eg å oppføre meg ytterligare merkelig. For eksempel reagerte eg på min bror si beleiring av familiens første PC med å bygge min egen PC av pappkasser, til foreldrene mine si stor forundring. I barnehagen fant eg på livlige historier som eg lurte både dei andre ungane og ikkje minst meg sjølv med. I seinare tid har eg blitt fortalt at eg burde bli kunstnar, designar, fotograf, forfattar osv. Enten det, eller så burde nokon vurdere alvorlig å få meg lagt inn på eit mentalsjukehus. Den livlige, på grensa til hyperaktive, aktiviteten i hovudet mitt har gjort meg lærevillig og lettlært, men av og til lure eg på om det kjem til å drive meg frå forstanden. Men du veit kor det er: haudet sitt blir ein ikkje kvitt uansett kor ein snur seg. Uansett kor mykje eg prøvar så lar dei merkelig, fargerike og til tider svært så underholdande tankane min seg ikkje bytte inn i pengeinnbringande tankar. Tankane mine er rett og slett ikkje særlig likvide midlar (for dei som forstår seg på økonomi og sånt). Men altså, tilbake til mine kjæraste eiendelar. Alle desse tinga er ting som hjelpe meg å tømme haudet mitt, for det trengs virkelig til tider. Kameraet og skisseblokkene fungera fint til å få ideane ut av haudet mitt, og når eg står på snøbrett er det rett og slett ikkje plass til så mykje anna enn det øyeblikket ein befinne seg i. Eg meinar at eg trenge å jobbe med noko kreativt, og etter mykje overveiing har eg komme fram til at av alle dei kreative alternativa er film det beste.

Uansett kor mange val ein har her i livet fins det ting ein ikkje kan velje. Eksempelvis foreldra sine og tida ein leve i. Ingen av foreldra mine har høgare utdanning, og førskarane kan sei akkurat kva dei vil om at eple ikkje felle langt frå treet, men her i huset har det vore desto viktigare at eg og broren min skal ta høgare utdanning. Min eit år yngre bror er snart ferdig utdanna ingeniør, mens eg…. vel. Eg har gått eit år på Kunst og Handverk, to år på Media, IKT og Design og eit halvt år på Teikning. Det var nok ikkje akkurat det foreldra mine hadde i tankane nei. For ein ser det ein er og når mamma og pappa ser på meg ser dei ein person som kasta vekk si tekniske innsikt og sitt ”mattehaud”, som mamma seie, på ubrukelige utdanningsvegar. Dei festar seg ved mine gode mattekarakterar og at eg eigenhendig har fått laptopen min tilbake frå dei døde 4 gangar sjølv om eg veit fint lite om korleis den fungerar. Deira syn på saken passa selvfølgelig perfekt inn i ”tida”. ”Tida” er jo eit litt flytande begrep. Eit såpestykkeord, som ein lærar eg kjenner ville sakt. Men etter kvart har eg forstått at denne ”tida” som folk så fint snakkar om er meir enn bare tåkeprat. ”Da alle skulle blir noe med media” står det bak på ei bok eg kjøpte ein gang. Denne linja slo mot meg, for eg skulle jo bli noko med media. Eg har alltid sett på meg sjølv som, og fått høyre at eg er, ein relativt frittenkande person, men no er eg begynt å lure. På tv kan ein høyre ekspertar som meiner alt for mange utdannar seg innafor… (GJETT KVA!) Kunst og handverk og media. Det er då ein kan begynne å lure på om ein bare er eit produkt av si tid. Eg tenke at ideen om å bli det eg vil bli har komme frå meg sjølv, og i utgangspunktet virka ideen om at eg skulle vere sterkt påvirka av tidsånda (får å bruke endå eit såpestykkeord) som ein usannsynlig tanke. Eg drikke ikkje, brukar ikkje sminke eller høghela sko og ler hjertelig av dagens motebilete. No har eg likevel begynt å lure på om eg lurer meg sjølv. Den siste tingen som dukka opp i hovudet mitt mens eg lista opp dette, droppa eg. Det var tanken om at ingen skal fortelje meg at eg ikkje kan få til noko fordi eg er jente. Den tanken er jo bare så alt for typisk for ”tida”. Er ikkje det nettopp dette som er ”tida”? At alle tankane ens er så spesielle og kjeme frå ein sjølv? At alle kan gjere seg synlige i det offentlig rom? Daglig ser eg folk vandre gjennom livet som marionettar styrt av trådar av bakenforliggande motiv som for meg er openbare men som mange kanskje ikkje sjølv er klar over. Altså ville det vere ei logisk slutning at eg sjølv og er styrt av indre, underbeviste krefter som eg ikkje har oversikt over. Ein skremmande tanke må eg medgje.

Viss ein tar omsyn til dette når ein skal bestemme seg for kva ein vil bli, og altså unngå det ein vil bli viss det er moteriktig , kva skal ein då basere avgjera på? Som sakt er mamma og pappa sitt syn på saken mykje mindre moteriktig og altså meir ”fornuftig”. Dei vil at eg skal bli ingeniør! Selvfølgelig er alle ekspertane einige med dei, for ingeniørar er det bruk for. Rasjonelt sett har dei sjølvsagt rett alle saman. Som ingeniør er ein vel meir eller mindre sikra jobb. Dessutan er ikkje medieverda står nok til å faktisk kunne romme heile verda, uansett kor moteriktig det måtte vere. Spesielt medie-Norge har ein svært begrensa stjernehimmel. Dette bringer tankane tilbake til lista over dei 50 best kledde kjendisane i Se og Hør i jula. Min første tanke var noko sånt som ”har vi stort meir enn 50 kjendisar i Norge?”. Vidare kan vel ikkje tettheta av mediefolk per kjendis vere så ekstremt stor heller?

Mitt største argument mot at eg skal bli ingeniør er mangelen på kunstnarisk utfolding. Ein anna ting er at eg har eigentlig ikkje inntrykk av at nokon eigentlig veit kva ein ingeniør drive med. Eg har høyrt at ein ingeniør er ein leder. Men eg har ikkje tenkt å bli ledar for noko som helst! Eg som ikkje klare å bestemme meg for kva eg skal bli eingang? Eg har eit og anna talent, men gode ledareigenskapar er absolutt ikkje eit av dei. Ei venninne av meg beskreiv meg treffande nok som ein anti-diktator og har leande uttalt at eit land der eg er diktator er det same som anarki. Elles har eg høyrt at ein ingeniør planlegge prosjekt og sånt. Alt dette virka i grunn lite tiltalande på meg. Internettsidene til skulane som tilbyr aktuell utdanning bidreg heller ikkje til folkeopplysninga. Dei fokuserer heller på retorikk og fengande formuleringar og satsar hardt på at lesaren sine forutinntatte idear fylle ut meiningstomrommet. Institusjonar for høgare utdanning er nemlig minst like glade i såpestykkeord som samfunnsvitarane. Dei forklarar gjerne at du kan få ein spennande, utfordrande og variert jobb der ein av og til jobbar i grupper og av og til sjølvstendig, men akkurat kva spenninga, utfordringane og variasjonen består seg i er det ofte heller vanskelig å forstå seg på. Altså er ein fri til å ta sitt eige, hjernevaska val utan at skulane på nokon måte prøvar å villede ein ut av transen.

Altså har vi fått på det reine at min eigen ide om å utdanne meg til filmfotograf muligens er planta der av denne ”tidsånda” som snike seg inn i hjerna di som ”the ghost of christmas present” og vaska den på 90 grader for sikkerheitsskuld i eit forsøk på å gjere den fin og stuerein. Då den konspirasjonen altså er avslørt er det vel bare å snu på dørstokken og ikkje sjå seg tilbake i frykt for å bli dratt inn igjen. Eller? Viss ein innser at ein går blindt i ei bestemt retning og reagera med å snu seg og gå blindt i motsatt retning har ein vel i bunn og grunn ikkje oppnådd ein dritt. Dette er den enklaste løysninga fordi den krever minimalt med hjerneaktivitet og gjer at ein sleppe å begynne med sånn slitsam sjølvransaking. Det kan jo vere at ein finne ut noko ein ikkje likar viss ein begynne med sånt. Altså kan det i beste fall seiast å belyse ein avgrensa forståing av verden. I verste fall har underbevistheta di igjen eit blindt overtak over di evne til logisk tenking. Med andre ord: ein lurer seg sjølv.

Det eg prøva å få fram her er at det er noko til inni h******* vanskelig å ikkje lyge til seg sjølv og det er søren ikkje lett å vete korfor ein eigentlig gjer det ein gjer.