Life in the rear-view mirror

Life in the rear-view mirror

mandag 28. februar 2011

Tenke, tenke, tenke seg til

Har vore på leiting etter litt ny musikk i det siste og har kommet over litt forskjellig. Det først eg gjore var å søke etter ting eg har høyrt på før og ta det der ifrå. Dette leda med mellom anna til Karpe Diem. Min tidlige bekjentskap med musikken deira strakk seg ikkje særlig lenger enn til ”Piano”, ”Stjerner” og ”Ruter”, men etter å ha gått den litt nærmare etter i sømmane kom eg over et myriander av sanger med tydelige meiningar.

I alle fall så førte dette til at det dukka opp en masse tanka i haude mitt. Eg tenker gjevnt over alt for mykje, eller i alle fall mykje meir enn eg har godt av, og etter en hjernerystelse for nokre år sia har det vore meir slitsomt enn vanlig. Derfor tømme eg ut tankane mine her til alle som måtte snuble innom sånn at det skal bli litt betre plass i haude mitt.

Men for å komme tilbake til det eg tenkte på så var problemstillinga: korleis kan vi leve i et rikt land og ikkje bry oss om dei som lider?

Eg tenkte som det knaka, men dette var et vanskelig spørsmål. Likevel har eg lenge meint at alt slags faenskap kan forståast og forklarast viss ein prøvar hardt nok. Før eg vil gå vidare vil eg få presisere at eg ikkje er lege, psykolog, psykiater, sosialarbeider eller har noko som helst slags kompetanse på feltet. Eg er bare en nyskjerrig 22-åring som lika å forstå ting. Eller vil eg advare om at ei salig blandig av nynorsk, bokmål og ord som bare er generelt feil følger. Eg vil benytte anledninga til å skylde på dysleksien min :P

Eg trur at mange fleire bryr seg meir intenst enn dei vil innrømme til om med for seg sjølv. For det er mennesklig og bry seg og det er ikkje vanskelig, det kjem heilt av seg sjølv. Men det er vondt, fryktelig vondt. Dei siste åra har eg blitt meir og meir overbevist om at smerte må til viss ein skal vere lykkelig, ein kan rett og slett ikkje vere glad heile tida. Derfor lar eg meg sjølv kjenne på heile følelsesspekteret mitt når eg får sjansen. Alt frå ektefølt og intens sympati med folk eg ikkje kjenner og aldri har møtt, til intens glede over små ting. Dette trur eg det er mange som unngår. Det er slitsomt å bry seg om alle bestandig og mange unngår det nok underbevist. Ofte kan det vere lettare å rasjonalisere ting. Ein kan for eksempel tenke at i ein krig for å oppnå fred og rettferdighet er det en del av prisen at sivile liv går tapt. Men tenk deg at det var ditt barn, din mor, din bror osv som ble skutt av soldater eller sprengt av en mine. Då trur eg det ville vore jævlig hardt å sjå det på den måten. Ein kan jo sjå på det store bildet og tenke at det er greitt at en person dør for tusener sin frihet, men er det egentlig det? Er ikkje kver uskyldige person som blir drept ein for mykje? For uansett om ein person er ein uendelig liten del av det store bildet er vel dei fleste uendelig mykje verdt for noken? Samtidig er livet i bunn og grunn det einast ein har og noko som ingen har rett til å ta ifrå deg.

Sjølv om eg føler mykje, fins det så mykje meir å føle. Viss ein skulle brydd seg like mykje om alle som dødde hadde det vel blitt for mykje for ein kvar å takle. Men verden er som kjekt ikkje i svart og kvitt og det fins mange nivå. Eg trur mange føler lite som en slags forsvarsmekanisme. Kanskje er omfanget av alt som er galt i verden for mykje. Derfor tar nok mange ikkje inn over seg meir enn nødvendig. Her tar nok mange i bruk ignoranse og rasjonalisering.

Ein anna ting er at viss ein først opna døra for å bry seg er det ingen veg tilbake, eller for enkelte er det kanskje det. Poenget er i alle fall at viss ein først bryr seg er det vanskelig å rettferdiggjere å ikkje gjere noko. Eg har mange ganga tenkt at eg burde gjere noko konstruktivt for verden. Men kva skulle det vere?

Under demonstrasjonane i Egypt for ei tid sida fulgte eg mykje med på TV2 Nyhetskanalen. Eg håpte demonstrantane skulle nå gjennom og når dei endelig fikk det som dei ville felte eg nokre tårer ved syne at dei feirande folkemengdene og strikka et par pulsvantar i fargane på det Egyptiske flagget. Men hadde det noko føre seg? Neppe. Men på den andre sida, kva veit eg om Egypt eller noko anna land for den del? Viss eg skulle gjere noko, korleis skulle eg vete kva eller kor, eller kven eg burde støtte? Eg veit ikkje. I forhold til kor mykje det går an å vete om saker og ting veit dei fleste forsvinnande lite og det er eg smertelig klar over. Dette gjere at nok både eg og andre føle seg handligslamma. ”I only know a little but I feel so much” er ei linje frå en eller anna sang av Crazy Town som eg kjenne meg godt igjen i. Når eg ser på tv at det har brutt ut liknande demonstrasjona i andre land, tenke eg egentlig ikkje at eg håpa at en eller anna president som eg aldri har høyrt om skal gå av, eg håpa at folket skal få det som dei vil. For kven er eg til å mene noko om kva som er best for folka i land eg aldri har satt min fot i engang? Og når det er snakk om at politikera snakka om at dei er redde for at folket skal velje en eller anna veldig muslimsk fyr som president tenke eg: er ikkje det det demokrati går ut på? Men nei, eg har vist misforstått det heile. Sakens er det at dei med dei største bombene og mest penga får bestemme kva som er best for alle andre. Skal vi vere heilt rettferdige er det vel bare å innrømme at også kristendomen har sine svin på skogen. Eg har ikkje kjent mange muslima i mitt liv, men dei eg har hatt noko med å gjere virka i grunn som heilt normale folk. Frå den middelaldrande leigebuaren i nabohuset då eg var liten som smilande kasta snøballa på meg og nokre venna mens vi leande gjøymte oss undre ei presenning og som var voldsomt fasinert over fjordhestane våre, til den litt sjenerte somaliske jenta eg gjekk i klasse med på ungdomsskulen med det store smilet som var litt frustrert over at folk snakka engelsk til ho for ho ville lære norsk. Så vidt eg kunne skjønne var ikkje dette folk eg hadde noken grunn til å mislike eller sette i same kategori som sjølvmordsbomberar og teroristar bare fordi dei tilfeldigvis rekna seg til same religion. Det ville vel vere litt som å gå ut ifrå at alle dei kristne eg kjenne identifisera seg med korstog og heksebrenning?

Sjølv om forhåndsdømming dette kaliberen er meir enn eg nokon gang har greid å prestere gjev det for så vidt mening på en litt forskrudd måte. For viss verden var en svart/kvitt-film hadde ting vore så mykje enklare. Då hadde du vist kva side du skulle velje og kva du gjekk til når du valgte den. Du hadde vist kven som var venna og kven som var fiendar. Dette hadde gjeve ei viss oversikt. Oversikt gjer at vi føle oss trygge og kven lika ikkje å føle seg trygge? Men her er det vel på tide å innsjå at det fins mange nivå mellom venner og fiendar og alle kategoriane kjeme i forskjellige innpakningar utan synlig merking i panna eller nokon anna plass for den del. Elles vil eg påstå at min eller noken andre sin personlig følelse av falsk trygghet ikkje er noko eg er interessert i for en kvar pris på andre si rekning. For det aller tryggast hadde vel vore å vere heilt aleine i verden, men det hadde vel blitt litt kjipt i lengda? Når alt kjeme til alt er vi jo sosiale vesen.

Når eg no har slått fast at eg er uvitande, sikkert ganske sneversynt og har slått frå meg muligheta for å utrydde resten av menneskligheta, kunne eg likevel fremdeles tenke meg å gjere noke. Innimellom tenke eg at det beste eg kan gjere med uvitenheta mi er å dokumentere. Min første tanke var dokumentarfilmar. Men dei fleste dokumentarar er i grunn reinspikka propaganda og veldig farga av meiningane til den som har laga dei. Elles har eg tenkt på fotojournalistikk. I haust tok eg eit fag som heite ”Photo for media” ved Høgskulen i Volda. Mang en gang har eg tenkt at fotografa av denne typen må vere nokon kalde jævla (spesifikt under forelesninga om etikk, der det rimelig nok blei vist ein del sterke bilder som blei rekna for å vere for sterke til å trykke). Men eg har og tenkt at kanskje er det verdt å ofre sjelefreden for å vise verden kva som foregår? For ein kan jo forbanne media så mykje som ein vil (og tru meg, det har eg gjort) men utan den hadde folk fått lidd så mykje som du bare kan tenke deg i kvart et verdshjørne utan at nokon hadde vist om det. Undre den nemnte forelesninga blei det mellom anna vist et bilde av ei mor og eit barn som falt med haude først frå 4. etasje i eit brennande hus. Det blei fortalt at etter å ha tatt bildet snudde fotografen seg vekk fordi han ikkje ville sjå dei treffe bakken. Denne historia viser vel at dei ikkje er så kalde og distanserte som ein kanskje kan tenke. På en måte tenker at denne typen jobb må vere det ultimate offeret og virkelig noko som kan merke deg for livet. Men eg veit ikkje, eg er ei sart sjel. Dessuten kan jo media gjere kva dei vil det den informasjonen dei får inn. Skal ein satse alt på en hest bør en vel vere sikker på at det er verdt det.

Dette blogginlegget er ikkje noko eg har tenkt å avslutte med en konklusjon av noko slag. Til det starta eg med et alt for stort og vanskelig spørsmål, men mens og skreiv dette føle eg at eg har er kommen litt nærmare å forstå.

Som ei lita avsluttning vil eg anbefale å sjå litt nærmare på karpe diem, sjølv om du kanskje ikkje er så glad i denne typen musikk:)