Life in the rear-view mirror

Life in the rear-view mirror

mandag 20. januar 2014

Julebrusmysteriet (basert på et sant historie)


(Mest av alt et påskudd til å øve meg på å tegne i Photoshop, and 90% oppdikta.)

Det var en mørk og stormfull kveld (eller var det morgon? huska ikkje...) i et gammalt forlatt mentalsj... nei kva er det eg seie? Det her var jo på hybelen min. I allefall holdt eg på å lage middag, eller kvelds, eller frokost. Huska som sakt ikkje kva tid på døgnet det var, men i allefall mista eg noko på golvet som eg måtte plukke opp. På kjøkkenet som for tida er mitt eine og aleine har eg et altfor stort kjøkkenbord! Men det er egentlig bare stort i den forstand at det er for stort for det lisje kjøkkenet.Ved dette bordet står det to stola kor av den eine stakkaren er skvist mellom veggen og bordet. Når eg altså bøyde meg ned skulle det vise seg at det låg noko på denne stolen. Nemlig ei julebrus! Meir interessant: ei julebrus som ikkje var mi.



For korleis skulle ei julebrus ha teke seg inn på kjøkenet mitt heilt på eiga hand?Og kva skulle motivet vere? Nokon måtte ha plassert den der! Men kven?


Kunne det ha seg sånn at nokon rett og slett hadde brutt seg inn på kjøkkenet mitt?


Kunne det vere overnaturlige krefter i sving? Sjølve flaska såg jo uforskamma normal ut, men ville den gå i oppløysning viss eg prøvde å ta på den? Var det bare ein luftspegling eller kan overnaturlige vesen frambringe masseproduserte, komersielle produkt av rein viljestyrke? Kunne dei i såfall masseprodusere dei og tjene seg rike??? Spørsmåla var mange.


Dette var kort sakt et bunnlaust mysterium. Her var det nødvendig å rådføre seg med nokon. Fortrinnsvis nokon som viste mykje, eller aller helst alt... Valet falt naturlig nok på den allvitande verdsveven, også kjent som internetten. Det viste seg at det var mange teori der ute i dei tusen haud.


Mange av dei likna på mine teoriar: spøkelser, ånder og til og med julenissen. Personlig tenker eg nok at det er litt i overkant overtruisk å antyde at julenissen skulle ha bomma på jula med over ein månad så den forklaringa har eg valt å sjå bort ifrå. Derimot var det ein anna teori som skilte seg ut.... det er jo slettes ikkje bare eg som har nøkkel til hybelen min sjølv om det bare er eg som bur her! Kunne det vere at nokon leika med meg? At nokon rett og slett hadde det hysterisk morsomt på mi bekostning? Men kva skulle vere meninga  med denne julebrusa? Julebrus er jo ei vare, ei sesongbetont vare. Ei raud sesongbetont vare. Den kan ellers betegnast som søt og fristande og liknar forøvrig svært på raudbrus eller Eventyrbrus. Når ein først er inne på "eventyr" så får en fort assosiasjona til andre søte, fristande, raude, sesongbetonte varer, som det raude, forgifta eplet i Snøhvit. Det her var ein såpassa enkel og nærliggande konklusjon at eg blei en aldri så liten smule bekymra. Korleis kunne eg ha unngått å sjå slik openbar symbolikk mens eg grådig konsumerte halve flaska? 

Eg syns med et eg merka et hint av en stikkande undertone til den ellers umiskjennelige lukta som kom fra den opne flaska. Og var ikkje det noko unaturlig, nesten radioaktivt over den raude fargen? Eg mena... meir enn vanlig liksom? 



Antagelig likna ikkje det her det aller minste på korleis eg såg ut, sidan eg rett og slett ikkje ser sånn ut, men ærlig talt... litt fantasi forventa eg at dei fleste innehar! I allefall såg den omtalte flaska omtrentlig slik ut. Viss teorien min stemte hadde eg nok kun kort tid igjen å leve.

Brusa var jo også utvilsomt å betegne som forbudt fruk uansett. Det var jo tross alt bare November. Og når vi er inne på forbudt frukt kan en jo trekke assosiasjonane vidare til andre eventyr. Kom den kanskje direkte frå kunnskapens bryggeri, overlevert av en slu slange? Hadde eg dømt meg sjøl til evig fortapelse og kunne forvente å bli forflytta til helvete omgåande? Ikkje bare skulle eg stige av frå livets selsomme damplokomotiv, men endestasjonen var nok allerede bestemt.