Life in the rear-view mirror

Life in the rear-view mirror

fredag 26. mars 2010

Salg av kreative treningsapparater på TV

I skrivende stund sitte eg på hybelen min og slappa litt av før eg skal på skulen. Denne tida av døgnet er stortsett den einaste tida på døgnet at eg bruka å sjå på tv. Viss du nokon gang har sett på tv3 om morgonen har du sikker vore ut for laaange reklamer som f. eks. TvShop eller Tvins. Dette er altså reklamer så lange som et vondt år, eller i alle fall så lange som ein vond tv-serie, og for dette formålet kan vi kalle fenomenet ”Reklama”. Men det er jo ein ting, Tv3 er jo langt frå den største kanalen i Noreg (NRK leda jo overlegent) og må jo tene pengar på eit eller anna vis, noko som gjere dei avhengige av reklamefinansiering. Men anyway, desse uendelige reklamanes modus operendi er sensasjonelle produkt som ingen har set maken til og tilbod som sjølvsagt er for gode til å vere sanne! Det som for hundre og ørtande gang irriterte meg i denne elles så fine (og regnfulle) morgonstund er treningsapparata dei prøver å selje til folk. Misforstå meg rett no, eg er sjølv medlem på et treningssenter og meinar at sport og trening slettes ikkje er å forakte, men det meiner openbart desse luringane. Anslaget (et lite forsøk på å høyres profesjonell ut frå mi side) i desse reklamane er standard; en liten introduksjon av kor fantastisk vondt og vanskelig det er å trene på vanlig måte. Du har faktisk lidd så mykje at du ikkje ana det sjølv ein gang! Men fatt mot, Reklama er din venn i nøda. For ”point of no return” kjem med lyset i enden av tunellen, gang etter gang. Apparata er kanskje forskjellige, dei heite ikkje det same og ser ikkje like ut, men dei har alle en ting til felles. Dette får jo spenningskurven til å flate seg ut litt for kvar gang du ser ei slik reklame. For vi veit det allereie, allereie frå første sekund. Det dei har til felles er sjølvsagt at dei er uovertruffne, revlusjonerande, overlegent effektive, tidsbesparande og sist men ikkje minst; morsomme. Ja, du høyrte rett! Det skal vist nok bli morsomt, smertefritt og avslappande å trene, sjølv om du (som reklama allereie har påpeika) aldri har syns det har vore det før.

For min del (ikkje fordi eg veit noko som nokon andre ikkje veit) så er det stortsett et helt knippe med logiske brister i ei slik reklame.
Brist nr 1: Trening er trening, eller? I hovudet mitt så fungera det slik at jo hardare du trena, dess meir resultat får du. You’ve got to learn to love what’s good for you blir det sakt, det fins ikkje nokon snarveia. Ein kan sjølvsakt finne ting som er artigare å gjere enn andre, sånn som at ting som fotball og snowboarding slår jogging hardt etter mi meining, og Parkour det kan anbefalast. Romaskiner med meterteller er heller ikkje å forakte, i alle fall ikkje viss du har nokon å ro om kapp med:P
Brist nr 2: Korleis kan det ha seg at gang etter gang er det dei presenterar revlusjonerande, nyskapande, overlegent effektivt og, i følgje dei sjølv, nesten latterleg underprisa…. For min del så syns eg ikkje det henge på greip. Korleis har det seg at det er nettopp desse som alltid får distribuere det beste av det beste, og at dei samtidig underbyr seg sjølv… det skulle jo ikkje vere nødvendig viss produkta er så fantastiske!
Brist nr 3: Viss Reklama har sitt på det reine, korfor tar den i bruk skamlaus (og i mine auger kynisk og uetisk) manipulering av ”bevismatriala”? For Reklama er glad i før og etter bilder. Når du kan sjå at før-bilda er blitt strekt i bredda mens etter bileta er strekt i høgda veit du at du er offer for lureri. Et anna triks er for eksempel at du ofte ser at på før-bilda står vedkommande veldig nærme kamera, mens på etter-bilda står personen mykje lenger frå. Dette bidreg jo så klart til at vedkommande ser mindre ut på det siste biletet. Ein anna klassiker som blir brukt mykje er virkemiddel som lys, fargar og kroppsspråk. Viss vi ser en samansunken person i dårleg lys og dystre fargetonar på det første biletet, mens vi ser en person med stolt holdning i flatterande lys og friske fargar seie det seg vel sjølv kva det er meninga vi skal strebe etter. Det siste trikset eg vil nemne under denne bristen er noko som ein episode om temaet på Penn & Teller (eller Bullshit som det heite egentlig) gjore meg oppmerksam på. For på mange av etter-bileta ser vi ribbein som stikke ut… er det noken som trekke inn magen kanskje?

Reklamer som dette er en av fleire grunnar til at eg ALDRI skal jobbe i reklamebransjen. Eg har laga ei reklame i mitt liv (med mindre vi rekna med en plakat eller to for lokale arrangement) men det var noko så uskyldig som ei spotify-reklame for ei studieretning på Høgskulen i Volda (reklama heiter ”mamma på telefonen” og kan høyrast på midlabs.no).

Det er så utrulig mange reklamer av typen ”eg vedda på at du har et stort problem! Flaks at eg kan hjelpe deg med det!”. Media har ei viktig og mektig rolle i samfunnet som dessverre blir grovt misbrukt av altfor mange. Heldigvis er det og bra tendensar å sjå i media og Noreg er nok ikkje det værste landet sånn sett. Likevel er det under sterk tvil eg satsar på ein medie-utdanning. Eg vil nemlig sove godt om natta og ikkje bare ha ein jobb eg trives med, med ein eg med handa på hjertet kan seie at eg ikkje syns er moralsk forkastelig.

5 kommentarer:

  1. hehe.. trur du kjeder vette av deg på den hybelen.. når du begynner å spekulere og granske reklama på tv3, so burde du skaffe deg en anna hobby :p

    men som alle veit, tv3 e jo blit kjendt for sine manipulerande og irriterande reklama som blir sendt 24/7.

    faktisk so kunne eg tenkt meg en jobb innan reklame faktisk.. må vere kjekt å "manipulere" folk til å kjøpe dei mest sjukaste produkta. :p tenk å tjene fett på (foreks) en ny og bedre BH, som løfter og forstørre puppane. ringer du nå, so får du med mp3 spelar på kjøpet. mp3 spelaren kan plasserast i en lomme på sida av bh`en.. BH`en har en eigen lomme for vekslepenger, kondom, mp3 eller andre små ting. kan fåast i 3 forskjellige farger.



    KNAKANDE!!!!! :D

    SvarSlett
  2. det va vel ikkje så dårlig innlegg vel?:( av og til lure eg på korfor i all verden eg studera media. medieverdenen e på mange måta bra sjuk spør du meg! viss du syns ditta va gale ska du prøve å sjå tv ilag me meg! eg klare ikkje å la vere å legge merke til og kommentere alle gangane eg ser eit dårlig utsnitt, dårlig panorering, ustø kamerabruk, brudd på 30 og eller 180 gradersregelen, dårlig lys, feil kvitbalanse, tvilsom klipping osv. Ditta e sånt som eg ikkje la merke til før, men som eg ser altfor tydelig no ette at vi har jobba me film på skulen:(

    eg syns ikkje d hadde vore gøy å manipulere folk. viss eg skulle leve av det hadde eg hatt så dårlig samvittighet at eg trur eg hadde daua.

    SvarSlett
  3. sa ikkje at d va et dorleg innlegg..
    synst d hadde vert artig å jobbe me slikt, for d e jo opp til kvart enkelte til å bestemme sjølv om dei ve kjøpe slike produkter. sjølv har eg sett på en del slike reklama, å eg har vert litt interresert i noken av produkta, men eg går ikkje so langt at eg faktisk bestille dei, so pass vett har eg! :p des må jo man berre jobbe om man vil ha mat på bordet eller ikkje..
    men e du slik uansett ka du ser på? om d e en filme eller en serie eller en reklame? :O oy, da trur eg d har gått litt vel langt, ser sjølv at d ikkje var det beste klippet, eller at dei gjer noko anna feil, men eg henger meg ikkje so mykje i detalj når eg foreks ser på cæsar..

    SvarSlett
  4. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  5. jaja, men d høyrtes sånn ut :/ men samma d. greitt at alle har fri vilje og sånn men en blir jo unektelig påvirka av reklame. eg e spesielt skeptisk til denne typen reklame fordi den retta seg inn mot ei målgruppe som gjerne har slitt med overvekt over lang tid og som har prøvd (og brukt penga på) mykje som ikkje har virka og er på stadig leiting ette nye ting og prøve. når dei får sjå lovnada om kjappe, smertefrie resultat og høyre om alle dei fornøgde kundane sjønna eg godt at menge lar seg friste. en må jobbe ja, men en må ikkje jobbe me reklame og d skal i alle fall ikkje eg!:P
    eg e sånn heile tida ja! satt å sog en grøssar/thriller her en dag som eg syns va bra, men eg greide ikkje å la vere å henge meg opp i ting som f. eks to stygge jump-cut (vil seie at en flytta kameraet mindre enn 30-grader i forhold til det en filma i dette tilfellet)i begynnelsen. d e typisk sånn ting som ingen som ikkje har peiling ser, men eg ser det og det ser ikkje bra ut. en anna ting e sånn som serien "numbers", e du klar over kor dårli den e filma?! d e vondt å sjå på no og d va d ikkje før! :P cæsar e ikkje gale ka filming angår (som eg har lagt merke t i alle fall).

    SvarSlett