Life in the rear-view mirror

Life in the rear-view mirror

torsdag 17. desember 2009

Løying på usansynlige luksusproblem:P

Slite du med problem? Luksusproblem? Viss dei i tillegg er usannsynlige har du definitivt vasa deg inn på rett blogg! No får du tvilsomme tips ikkje bare på norsk, men på NYNORSK! ... rett nok ganske tvilsom nynorsk med masse skrivefeil og sånn men... det må du nok bare leve med:P

Den siste tida har eg tilegna meg relativt mykje data-peiling på kort tid. Vennane mine holde på å bli rimelig leie av å høyre på at eg prata om alt eg har lært, så derfor tenkte eg at eg kunne dele litt nyttige triks på nettet (som om noken lese denne bloggen liksom:P). Mesteparten av det eg kan stamma frå forskjellige kurs og forum på nettet, så eg tenkte eg burde vidareformiddle det:)

Tidligare i haust jobba vi med å lage websider på skulen. I forbindelse med dette arbeidet brukte eg 3 forskjellige program som eg trengte (Adobe Dreamweaver, Notepad++ og WinSCP) i tillegg trengte eg 3 forskjellige mapper som befant seg litt rundt omkring på den overfylte og ikkje spesielt velorganiserte laptop'en min. Eg blei etter kvart litt lei av å leite rundt etter alle mappene som eg aldri huska kor var plasser osv. Kall det gjerne eit luksusproblem (for det er nok nettopp et luksusproblem på høgaste nivå) men etter å ha dulla litt med C++ (programmeringsspråk) hadde eg fått smaken av at den største begrensinga på kva data'en din kan gjere er du. Det at det ikkje var umiddelbart klart korleis en kunne lage en snarvei til alle mappene og programma en ville bruke samtidig var derfor å oppfatte som ei utfordring frå data'en si side:P

Etter litt litt søking på internett fant eg ei løysing;

Steg 1:
Opne eit enkelt tekstprogram som Notisblokk eller Wordpad. Vil du ha hjelp med rettskrivinga og sånn kan du laste ned gratisprogrammet Notepad++ eller noke, men det er ikkje nødvendig.

Steg 2:

Lim inn dette:

@echo off
rem Notepad++
cd C:\Program Files\Notepad++
start notepad++.exe
start "" /min "C:\Users\Ann Kristin\Documents\boeena"
exit

Steg 3:

Eksempelet over opnar programmet "Notepad++" og mappa "boeena". Bytt ut "Notepad++" på linje 2 og plassering (C:\Program Files\Notepad++) på linje 3 med plasseringa til det programmet du vil opne. Finn deretter navnet på den fila du vil kjøyre (mest sansynlig bare navnet på programmet) og skriv det inn på linje 4 som vist over. Pass på at det er ei programfil (.exe ending).

Steg 4:

Velg mappa du vil opne ved å bytte ut plasseringa i eksempelet ("C:\Users\Ann Kristin\Documents\boeena") med plasseringa til mappa du vil opne.

"/min" på linje 4 betyr at mappa skal opnast minimert. Det kan byttast ut med "/max" for å få den maximert.

Steg 5:

Lagre fila.

I Notisblokk: Notisblokk vil veldig gjerne at du skal lagre fila som ei tekstfil (.txt), men den skal lagrast som ei batchfil (.bat). Velg derfor "Alle filer" i rullegardin-menyen. Velg eit navn og avslutt det med .bat

I wordpad: Skriv inn det navnet du vil ha på den med .bat til slutt og sett heile navnet i hermetegn (hermetgnet er for å at den ikkje skal bli lagra som den filtypen programmat foreslår).

Steg 6:

Du kan enten opprette en snarveg til den nye fila eller bruke fila som snarveg og du kan legge til fleire program og mapper som skal opnast i fila.


Her har du kjelda mi for mesteparten av fila:

og her har du resten:


So viste vi det;)






2 kommentarer:

  1. å dette skulle eg skjønne? vel kansje fordi eg e fortsatt trøtte (nettopp stått opp faktisk) :P
    jaja, bra at noen lære seg data :p berre eg får legge inn bilder og vere på nettet so e eg fornøgd :p hihi

    SvarSlett
  2. va det for innvikla? beklager, trengte bare å få litt utløp for mine datanerd-tendensa:P ka du ikkje forstår då?

    SvarSlett